Demokratiassistanse og demokratisering

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studenten skal gjennom kurset tileigne seg teoretisk og empirisk kunnskap og tilnærmingsmåtar til emnet demokratiassistanse og demokratisering.

Fokuset for emnet er tredelt. Først går emnet inn på demokratisering der ein ser nærare på statsteori, demokratiteori og transisjonsteori. I andre del ser emnet nærare på demokratibistand. Her studerer ein korleis det internasjonale samfunnet (IGO/NGO) kan bidra til å utvikle demokrati i statar som gjennomgår ein transisjonsprosess. Tredje del av emnet ser på kva som skjer når etablerte demokrati bygger ned demokratiet med demokratiske midlle. Emnet set søkjelys på og kontekstualiserer desse tre tema ved hjelp av empiriske studiar av ulike land og regionar.

Tema som tas opp:

  • Statsteori
  • Demokratiteori
  • Transisjonsteori:
  • Den tredje demokratiseringsbølgja
  • Ulike former for demokratiassistanse retta mot sivilsamfunn, parti og statsapparat
  • Demokratisering og demokratiassistanse i forskjellige deler av verden
  • Demokratisk tilbakegang ("backsliding") og autokratisering
  • Tidsaktuelle case-studier

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap om teoriar knytt til stat, demokrati og transisjon og demokratisk tilbakegang.

Ferdigheter 

Studenten

  • kan analysere demokratibistand gjennom å vise til empiriske, samanliknande studiar av ulike land og regionar og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og forholda seg kritisk til korleis det internasjonale samfunn og frivillige organisasjonar kan bidra til å utvikle demokrati i statar som gjennomgår ein transisjonsprosess samt identifisere når det motsette kan være tilfellet.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

 Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Hybrid. Nettundervisning kombinert med auditoriumsundervisning.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande, samt 2 års relevant yrkeserfaring (fulltid).
Studiepoengsreduksjon
Ingen studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
 Kurset er opent for studentar som fyller krava til forkunnskapar.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer

Eksamen er å skrive en semesteroppgave på inntil 4500 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Merk: Frå og med hausten 2023 vil det krevjast karakter C eller betre i SAMPOL606 for opptak til SAMPOL650. Dette gjeld for studentar som avlegg eksamen hausten 2022 eller seinare.

Vurderingssemester

Haust

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær kan også studenter med følgende reslutat melde seg:

  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Sjå digital pensumliste
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for samanlikande politikk har det administrative ansvaret for emnet.