Hjem
Studentsider
Masteremne

Organisering for samfunnssikkerheit og krisehandtering. Terrorisme og kamp mot terrorisme

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeSAMPOL608
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane innsikt i organisering for samfunnsikkerhet, beredskap og krisehåndtering. Kurset femner om ei rekkje type krisar, både menneskeskapte (for eksempel terrorisme) og naturskapte. Kurset vil gje innføring i organisering av sikkerheit og beredskap, i kva problem og utfordringar som eksisterer og korleis desse kan møtast og løysast. Ulike former for spesialisering og samordning vil bli diskutert, for eksempel forholdet mellom departmentsområde, mellom departement og direktorat, mellom stat, kommune og det regionale nivå, mellom det nasjonale og det overnasjonale nivå og mellom offentlege myndigheter og det sivile samfunn. Konkrete case vil bli gjennomgått for å vise korleis ein best kan førebyggja, handtera og lære av krisar. Både styringskapasitet og styringslegitimitet vil bli handsama. Kurset ser vidare på ulike perspektiv når det gjeld kva terrorisme er, på kva årsakene til terrorisme er og på kva tiltak som kan setjast inn mot terrorisme. Kurset gjev studenten dei perspektiv som er naudsynte for å forstå og delta i den offentlege debatten om terrorisme og terrortiltak.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap om fagfelta samfunnssikkerhet, krisehandtering, terrorisme og kamp mot terrorisme.
  • har inngåande kunnskap om vitskaplege verdiar som presisjon og etterprøving.
  • kan anvende kunnskap på ulike aspektar knytt til samfunnssikkerhet, krisehandtering, terrorisme og kamp mot terrorisme på nye områder innanfor fagområdet

Ferdigheter 

Studenten

  • kan bruke relevante metodar til å tileigne seg kunnskapar ut over det lærestoffet som inngår i studiet og bruke denne kunnskapen sjølvstendig.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og forholda seg kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende disse til å forstå og delta i den offentlege debatten om terrorisme og terrortiltak.
  • kan analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor fagområdet og vise evne til kritisk refleksjon omkring sentrale faglege problemstillingar.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande

Krav til studierett

Kurset er opent for studentar som fyller krava til forkunnskapar.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, seminar og rollespel.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Heimeeksamen, inntil 4500 ord, som går over ein månad.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Terje Knutsen

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet. 

Institutt

Institutt for samanliknande politikk

Kontakt

UiB Videre

Tlf 55 58 20 40, post@videre.uib.no