Hjem
Studentsider
Masteremne

Korrupsjonsgransking

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSAMPOL609
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

Hybrid. Nettundervisning kombinert med auditoriumsundervisning.

Mål og innhald

Studenten skal tileigne seg teoretisk og empirisk kunnskap og tilnærmingsmåtar til emnet korrupsjonsgransking.

Kurset fokuserer på korrupsjon i ulike kontekster med hovudvekt på politisk korrupsjon og kva rolle denne spelar for demokrati. Kurset diskuterer årsaker til korrupsjon og metodar for å granske og motverke korrupsjon. Ein del av kurset tar for seg dei utfordringane som norske aktørar i utlandet møter, mellom anna gjennom bistandsarbeid. Kurset fokuserer på tre hovudproblemstillingar:

- Kva er korrupsjon? Omgrep, teori, historisk perspektiv, empiri.

- Kva er årsaker til korrupsjon?

- Kampen mot korrupsjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap om teoretiske og empiriske tilnærmingsmåtar til emnet korrupsjonsgransking
  • har inngåande kunnskap om korrupsjon i ulike kontekstar med hovudvekt på politisk korrupsjon og kva rolle denne spelar for demokrati.

Ferdigheter

Studenten

  • kan analysere og stille seg kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende disse til å strukturere og formulere faglige resonnement om korleis korrupsjon best kan etterforskast

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og forholda seg kritisk til årsaker til korrupsjon og metodar for å granske og motverke korrupsjon og kjenne til dei utfordringane som norske aktørar i utlandet møter, blant anna gjennom bistandsarbeid.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande, samt 2 års relevant yrkeserfaring (fulltid).

Studiepoengsreduksjon

Ingen studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Kurset er opent for studentar som fyller krava til forkunnskapar.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen obligatorisk undervisningsaktivitet

Vurderingsformer

Eksamen er å skrive ei semesteroppgåve på inntil 4500 ord

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

 Vår

Litteraturliste

Se digital pensumliste

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Terje Knutsen

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

UiB Videre

Tlf 55 58 20 40, videre@uib.no