Organisering for samfunnssikkerhet og krisehandtering
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeSAMPOL611
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Etter- og vidareutdanning, høgare grad
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Hybrid. Nettundervisning kombinert med auditoriumsundervisning.
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje studentane innsikt i organisering for samfunnsikkerheit, beredskap, krisehandtering og myndigheitsutøving. Kurset femner om ei rekkje type krisar, både menneskeskapte og naturskapte.
Kurset vil gi ei innføring i organisering av sikkerheit og beredskap, i kva slags problem og utfordringar som eksisterer og korleis disse kan møtes og løyses. Ulike former for spesialisering og samordning vil bli diskutert, for eksempel forholdet mellom departementsområde, mellom departement og direktorat, mellom stat, kommune og det regionale nivå, mellom det nasjonale og det overnasjonale nivå og mellom offentlege myndigheiter og det sivile samfunn.
Konkrete case vil bli gjennomgått for å vise korleis ein best kan førebyggja, handtera og lære av krisar. Både styringskapasitet og styringslegitimitet vil bli handsama.
Emnet SAMPOL611 - Organisering for samfunnssikkerheit og krisehandtering er søsteremnet til SAMPOL608 - Organisering for samfunnssikkerheit og krisehandtering. Ekstremisme og terrorisme. All undervisning skjer saman med studentar frå SAMPOL608. Forskjellen er at dette emnet er 10 studiepoeng i motsetning til 15, og dermed har SAMPOL611 mindre undervisning og lavare arbeidskrav enn søsteremnet SAMPOL608.
Merk at SAMPOL611 ikke kan inngå i Mastergraden i Demokratibygging, da antall studiepoeng er for lavt.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan analysere faglege problemstillingar knytt til felta samfunnssikkerheit og krisehandtering og anvende dei på nye område
- har ei integrert forståing av viktigheita av vitskaplege teoriar og kunnskap for presisjon og etterprøving
- kan drøfte og nyttes relevant vitskapleg teori og kunnskap i planleggings- og beredskapsarbeid
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke relevante metodar til å tileigne seg kunnskapar ut over det lærestoffet som inngår i studiet og bruke denne kunnskapen sjølvstendig
- kan lede og drive kunnskapsbasert plan- og beredskapsarbeid
- kan analysere og forholda seg kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende disse til å forstå og delta i den offentlege debatten knytt til beredskapsarbeid og myndigheitsutøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte og analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor fagområdet samfunnssikkerheit og beredskapsarbeid
- kan analysere kompliserte situasjonsbilde der plan møter virkelegheit og avgjersler må tas under tidspress
- kan integrere kunnskap om relevante etiske problemstillingar, knytt til myndigheitsutøving i beredskaps- og sikkerheitsarbeid, i sitt arbeid
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarende, og minst to års relevant yrkespraksis (fulltid).
Studiepoengsreduksjon
SAMPOL608 (10 SP)
Krav til studierett
Kurset er opent for studentar som fyller krava til forkunnskapar.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, seminar og rollespel. All undervisning skjer sammen med studenter fra søsteremnet SAMPOL608.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Eksamen er å skrive ei semesteroppgåve på inntil 3000 ord.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Se digital pensumliste
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Institutt for sammenliknende politikk
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
For spørsmål knyttet til opptak, kontakt UiB Videre, Videre@uib.no
For spørsmål knyttet til faglig innhold, kontakt institutt for sammenliknende politikk, studieveileder@isp.uib.no