Hjem

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

Masteroppgave i demokratibygging

Beskrivelse

Masteroppgåva i Demokratibygging er normert til 30 studiepoeng tilsvarande 15 - 20.000 ord. Masteroppgåva er ei vitskapleg analyse som skal skrivast innanfor temaet demokratisering. Studenten vel eit oppgåvetema i samråd med rettleiar. Normalt vil tema vere det same som godkjent prosjektskisse i metodekurset SAMPOL607.

Undervisning

Du har krav på ein rettleiar som godkjenner oppgåvetemaet og gir råd i arbeidet med oppgåva. Rettleiing går over to semester, med moglegheit for forlenging i eitt semester.

Vurdering / eksamen

Innlevering og vurdering av masteroppgåve.

Frist for levering er 1. juni i vårsemesteret og 1. desember i haustsemesteret.
Masteroppgåva skal leverast elektronisk i Studentweb.

Krav til datautstyr

Datamaskin med internettilgang og e-post.

Studiefinansiering

Godkjent for støtte frå Lånekassa.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Bestått eksamen i SAMPOL607, samt bestått eksamen i tre av kursa SAMPOL601, SAMPOL606, SAMPOL608, SAMPOL609 eller SAMPOL610. For ytterlegare informasjon om opptak, semesterregistrering og kontraktsvilkår, sjå menypunktet Opptak i hovudmenyen øvst på sida.

Kontakt

Kontakt

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

Institutt for samanliknande politikk
Førsteamanuensis Terje Knutsen
55 58 20 18
terje.knutsen@isp.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve

Tilgjengelege kurs

Vår 2019
Kursdato: 15.02.2019 - 01.12.2019
Pris: NOK 25000
Søknadsfrist: 13.01.2019