Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Examen facultatum - Invitasjon til sosialantropologi

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Sosialantropologi er vitskapen om det kulturelle mangfaldet i verda, og emnet gjev ei innføring i faget sine særeigne måtar å analysere sosiokulturell variasjon og samanheng på. Med utgangspunkt i studiar av ulikskap og likskap blant menneske, søkjer emnet å gje studenten ei første erfaring med grunnleggjande sosialantropologiske omgrep, perspektiv, metodar og framstillingsformer. Faget si breie tilnærming til menneskelivet vert vektlagt, så vel geografisk, tematisk som teoretisk - all menneskeleg kunnskap og verksemd verda over er interessant for faget. Vidare gjev emnet innsikt i den sentrale metoden i sosialantropologi, det langvarige feltarbeidet, og i viktige former for formidling, særskilt breie studiar av enkeltsamfunn (monografiar) og antropologisk film. Som ein del av emnet gjer studenten ein obligatorisk oppgave som gjev trening i observasjon og tolking, anten i det offentlege rom (gruppearbeid), eller (individuelt) med utgangspunkt i antropologisk film eller monografi. Det vert undervist i temaet ulikskap både breitt og djuptgåande, gjennom døme frå særs ulike samfunn verda over og gjennom eit grundig studium av eitt ikkje-europeisk samfunn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • kunne gje oversikt over nokon av fagets grunnleggjande omgrep, perspektiv, metodar og formidlingsformer
  • ha kjennskap til sentrale aspekt ved antropologifaget si tilnærming til kjønn, klasse, kaste og etnisitet

Ferdigheiter

  • kunne gje eksemplar på kulturell variasjon
  • kunne drøfte sosialantropologiske bidrag til studiet av sentrale formar for sosial differensiering og ulikheit i verda
  • kan i nokon grad nytte deltakande observasjon og innsikt i etiske utfordringar knytt til feltarbeid

Generell kompetanse

  • kunne gjere greie for sosialantropologiske tilnærmingar til den menneskelege røynda
  • kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor fagspesifikke sjangrar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, litteraturseminar, etnografisk film og kommentarar til arbeid med skriftlege oppgåver via Internett.

2-3 timer førelesing pr veke

15 veker undervisning, ca. 40 timer førelesing totalt

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av oppgåve (må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen).

Godkjend oppgåve er gyldig inneverande semester og dei 6 påfølgjande semestra.

Vurderingsformer

Skuleeksamen 6 timer

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

Full fagleg overlapp og poengreduksjon for studentar som tidlegare har tatt SANT101

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Emnene blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for sosialantropologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sosantr.uib.no

55 58 92 50 / 55 58 94 51