Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Sosialt liv i globalt perspektiv

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

I sosialantropologien er det sentralt å forstå korleis menneske organiserer kvardagslivet, og korleis sosiale praksisar i dagleglivet inngår i større samanhengar. Undervisninga tek utgangspunkt i at globalt komparative studiar av variasjon i ulike samfunn si omgrepsfesting og organisering av sosiale relasjonar har spelt ei avgjerande rolle i utviklinga av faget sosialantropologi. Emnet gjev ei konsentrert framstilling av global variasjon i sosiale relasjonar og former for organisasjon, med vekt på familie, hushald, ekteskap, slektskap, venskap, og kjønn. Slike mellompersonlege relasjonar inngår på ulike vis på høgare nivå av sosial organisasjon. Emnet skal gjere studenten i stand til å kartleggje og analysere sosiale relasjonar på ulike nivå. Med fokus på endring og kontinuitet innanfor antropologiske tilnærmingar, gjev emnet ei fordjuping i korleis sosiale relasjonar grip inn i alle menneske sine liv, og korleis dei er vevd inn i kosmologiske førestellingar, økonomiske transaksjonar og maktutøving. Det blir lagt vekt på å kontrastere klassiske sosialantropologiske studiar med døme frå moderne industrisamfunn der betyding av migrasjon, transnasjonalisme, og teknologi for sosiale relasjonar står sentralt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten skal

  • ha oversikt over sosialantropologiske teoriar, metode, faghistorie og eigenart knytt til studiet av slektskap, ekteskap, vennskap og reproduksjon
  • ha brei kunnskap om ulike kulturelle praksisar og forståingar på ei rekkje livsområder knytt til etablering og utvikling av sosial organisasjon, familie og hushald

Ferdigheter

Studenten skal

  • kunne gjere greie for sentrale antropologiske debattar om samanhengar mellom materielle vilkår og symbolske dimensjonar knytt til slektskap, ekteskap og vennskap
  • kunne anvende antropologisk kunnskap, omgrep og perspektiv på konkrete, empiriske kasus som gjelder organiseringa av sosialt liv i relasjon til kulturelle, økonomiske og økologiske moglegheiter og rammar
  • kunne gjere greie for korleis teknologiutvikling og transnasjonalisme har innverknad på sosiale relasjonar som slektskap, ekteskap og kjønn.
  • kunne reflektere over fagetiske problemstillingar som er relevante for emnets tematikk

Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne anvende sosialantropologiske omgrep og perspektiv i forståinga av slektskap, ekteskap, hushald og vennskap
  • kjenne til hovudtrekka i kvalitativ metode og kan reflektere over desse
  • kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor fagspesifikke sjangrar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SANT100, SANT150

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, litteraturseminar, etnografisk film og kommentarar til arbeid med skriftlege oppgåver.

3-4 timer forelesing pr. veke

7-8 veker, ca. 26 timer forelesning

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppgåveinnlevering undervegs på 1500 ord (+/- 10 prosent). Oppgåva må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Godkjend oppgåve er gyldig inneverande og påfølgjande semester.

Vurderingsformer

5 dagers heimeeksamen: essay på 2000-3000 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Emnet blir karaktersatt med bokstavkarakterar A-F.

Vurderingssemester

Eksamen blir tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgjande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Undervisingsutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet.  

Institutt

Institutt for sosialantropologi

Kontakt

Institutt for sosialantropologi

studieveileder@sosantr.uib.no

55 58 92 50 / 55 58 94 51

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    08.03.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    12.03.2021, 14:00
    Trekkfrist
    22.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen