Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Materialitet: miljø, stad og økonomi

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

I sosialantropologien er det sentralt å forstå korleis menneske lever i samspel med sine romlege og materielle omgjevnader. Med utgangspunkt i den globale variasjonen i menneskelege levevis søkjer emnet å gje ei samanliknande innsikt i korleis romlege og materielle vilkår formar og vert forma av samfunn og kultur. Det vert gjort greie for sosialantropologiske perspektiv på økologi, økonomi, ting, stad og rom. Samanhengen mellom det materielle og det sosiokulturelle vert tematisert gjennom diskusjonar av dimensjonar som landskap, stadleggjering og kropp, produksjonsregime, teknologi, miljø og ressursforvaltning, gåvebytte, marknad og konsum. Det vert lagt vekt på å få fram det sosiale og kulturelle mangfaldet i lokale levevis verda over, men òg korleis desse er involvert i større samanhengar prega av modernisering og globalisering, pengemarknad og inkorporering i statlege og overstatlege styringsformer.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • ha oversikt over dei sentrale teoriane, metodane, faghistoria og eigenarten til det sosialantropologiske studiet av materialitet, miljø, økonomi og stad
  • ha brei kunnskap om ulike kulturelle praksisar og forståingar på ei rekkje livsområde knytt til menneskelege ervervsformer og sosial organisasjon

Ferdigheiter

  • kunne gjere greie for sentrale sosialantropologiske fagdebattar om samanhengane mellom materielle vilkår, sosial organisering og kulturell meining
  • kunne gjere bruk av antropologisk kunnskap, omgrep og perspektiv på konkrete empiriske kasusstudiar og teoretiske problemstillingar som gjeld materielle dimensjonar i menneskeleg liv og verksemd
  • kunne reflektere over fagetiske problemstillingar som er relevante for emnets tematikk

Generell kompetanse

  • kunne anvende sosialantropologiske omgrep og perspektiv i forståelsen av materialitet, miljø, økonomi og stad
  • ha evne til kritisk tenking og kan gjere bruk av analytiske omgrep og perspektiv for å forstå lokale og globale samfunnsprosessar
  • kjenne til hovudtrekka i kvalitativ metode og kan reflektere over desse
  • kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor fagspesifikke sjangrar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SANT100, SANT150

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, litteraturseminar, etnografisk film og kommentarar til arbeid med skriftlege oppgåver.

3-4 timer førelesing pr veke

7-8 veker, ca. 26 timer førelesing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppgåveinnlevering undervegs på 1500 ord (+/- 10 prosent). Oppgåva må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Godkjend oppgåve er gyldig inneverande og påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Skuleeksamen 8 timer

Karakterskala

Emnet vert karaktersett med bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Emnene blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for sosialantropologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sosantr.uib.no

55 58 92 50 / 55 58 94 51

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    03.10.2019, 09:00
    Varigheit
    8 timer
    Trekkfrist
    19.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen