Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Culture, Meaning and Communication

Undervisningssemester

Haust  

Mål og innhald

I sosialantropologien er det sentralt å forstå sosiale handlingar og hendingar i lys av dei ulike meiningar folk tilskriv dei. Kultur er eit sentralt omgrep i faget, og emnet gjer greie for ulike sosialantropologiske perspektiv på kulturell meining både på personnivå og som ein kollektiv, sosial storleik. Emnet tek for seg nokre temaområde der meiningsdimensjonen vert særs synleg, slik som ordninga av røynda (klassifikasjon), grunnleggjande verdsåskoding (kosmologi), teikn og kommunikasjon, forvalting av kunnskap, religiøse førestellingar og konstruksjonar av tid og historie (sosialt minne). Det vert lagt særskilt vekt på å forstå meining som sosial praksis, det vil seie korleis røyndomsorienteringar skapast, vert halde ved like og utfordra gjennom sosialt liv, og korleis produksjon av meining er vevd inn i sosiale relasjonar, økonomiske transaksjonar og utøving av makt. Praksisar metta med meining, slik som ritual, seremoniar, karneval, hekseri, magi, åndeinntrenging og tusenårsrørsler, står difor sentralt i emnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • kunne gje oversyn over sentrale faghistoriske debattar i antropologiske studiar av kultur, meining og kommunikasjon
  • kunne gje oversyn over sentrale teoretikarar og etnografiske bidrag i det antropologiske studiet av symbol, ritual, religion og meiningas rolle i utforming av kultur og sosiale relasjonar

Ferdigheiter

  • kunne nytte sentrale omgrep og perspektiv i det antropologiske studiet av kultur, meining og kommunikasjon
  • kunne gjere greie for korleis meining kan inngå i sosiale relasjonar og komme til uttrykk gjennom ulike kulturelle medie

Generell kompetanse

  • kunne gjere greie for korleis meining skapar sosialt liv og livsverdenar
  • ha evne til analytisk tenking og kan gjere bruk av sosialantropologiske omgrep og perspektiv for å forstå lokale og globale samfunnsprosessar
  • kjenne til hovudtrekka i kvalitativ metode og kan reflektere over desse
  • kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor fagspesifikke sjangrar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SANT100, SANT150

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, litteraturseminar, etnografisk film og kommentarar til arbeid med skriftlege oppgåver.

3-4 timer undervising pr veke

7-8 veker, ca. 26 timer førelesning

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppgåveinnlevering undervegs på 1500 ord (+/- 10 prosent). Oppgåva må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Godkjend oppgåve er gyldig inneverande og påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Skuleeksamen 8 timar

Karakterskala

Emnet vert karaktersett med bokstavkarakterar A-F.

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Institutt

Institutt for sosialantropologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sosantr.uib.no

55 58 92 50 / 55 58 94 51

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    14.10.2020, 09:00
    Varigheit
    8 timer
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen