Akademisk skriving, teori og metode: antropologiske tilnærmingar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er samansett av tre hovudkomponentar, som saman tar sikte på å 1) auke studenten si mestring av akademisk skriving og lesing, 2) gje studenten eit generelt oversyn over samfunnsvitskaplege tankemåtar og metodar, og 3) innføra studenten i sentrale antropologiske tematikkar, metodiske tradisjonar og fagspesifikke formidlingsformar. Emnet er satt saman med tanke på å utfylla SANT100 Invitasjon til sosialantropologi, og ein rår studenten difor til å ta desse emna parallelt.

Den første bolken gjev ei innføring i stilistiske og skrivetekniske særtrekk ved samfunnsfagleg akademisk skriving gjennom tekstanalyse og rettleia, sjølvstendig skrivetrening. Studenten lærar å tolka og utforma ein akademisk tekst i samhøve med disiplinære normer for fagleg form og innhald, med eit særleg fokus på sosialantropologiske tekstar. Det blir lagt vekt på å læra studenten å identifisera og trekkja ut dei faglege argumenta i ein tekst.

Den andre bolken gjev eit kort overblikk over samfunnsfaga si historie og ei innføring i nokre sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkemåtar. Bolken formidlar kunnskap om dei ulike samfunnsvitskaplege disiplinane sine særtrekk så vel som deira fellesfaglege grunnlag.

Den tredje bolken er førebuande til substansemna SANT102-SANT105. Bolken er monografibasert med det føremål å gje studenten ei heilskapleg forståing av forholdet mellom det antropologiske feltet, antropologisk metode, antropologisk kunnskapsproduksjon og tekstleg framstilling. Kva monografiar som blir nytta varierer frå år til år, men det blir lagt vekt på sosial organisasjon, ervervsmåtar og humanøkologi, samt sosial differensiering, ideologi og trusformar. På denne måten utfyllar dei tre bolkane innanfor emnet kvarandre, samstundes som studenten blir gjeven ei innføring i sentrale antropologiske tematikkar, teoretiske retningar og analytiske tenkemåtar.

Dei kunnskapar og den praksisøvinga som kurset gir, kan brukast på alle fag ved Det samfunnsvitskapelige fakultet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • ha oversikt over sentrale samfunnsfaglege tradisjonar og metodar
  • ha kunnskap om det antropologiske faget sine grunnleggjande omgrep, perspektiv, metodar og formidlingsformer
  • ha kjennskap til sentrale aspekt ved antropologifaget si tilnærming til kjønn, trusformar og sosiale ulikskapar
  • ha ei forståing av den historiske utviklinga av samfunnsvitskapane
  • ha eit oversyn over antropologifaget sin analytiske og metodiske eigenart

Ferdigheitar

  • ha kjennskap til korleis en utviklar ein problemstilling, argumenterer og strukturer ein akademisk diskusjon
  • strukturere og utforme ein akademisk tekst
  • greie ut om sentrale teoretiske bidrag innanfor samfunnsvitskapane
  • gjere greie for enkelte antropologiske bidrag som tematiserar kjønn, trusformar, sosiale ulikskapar og differensiering, ervervsmåtar og humanøkologi, og samspelet mellom lokale og globale prosessar

Generell kompetanse

  • kritisk lese, tolke og gjere greie for ein akademisk tekst
  • ha kunnskap om akademiske tekstar sine sjangerbestemte normer for innhald, form og oppbygging
  • ha evne til å tenke analytisk kring samspelet mellom menneske, kultur og samfunn

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Fagleg overlapp og fem poengs reduksjon for studentar som tidlegare har tatt SV100.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar og arbeidsseminar samt kommentarar til arbeid med skriftlige oppgåver via Internett.
  • 2 timer førelesing per veke
  • 2 timer arbeidsseminar per veke, med forsterka seminararbeid under del 1 av kurset
  • 12 veker undervisning, ca. 24 timar førelesing totalt
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på minimum fem av seks skriveseminar og obligatorisk innlevering av ein tekst (max. 1000 ord) under praksisdelen av bolk éin (Akademisk skriving og lesing). I tillegg er det obligatorisk innlevering av oppgåve på 1500 ord (+/- 10 prosent) halvvegs ut i semesteret. Alle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen, og godkjende aktivitetar på emnet er gyldige inneverande semester og dei seks påfølgjande semestra.
Vurderingsformer

Skriftleg heimeeksamen. Tidsramme: éi (1) veke frå utlevering av oppgåvetekst til innlevering. Omfang: 3000 ord (+/- 10 prosent).

10 % av kandidatane blir valt ut til munnleg eksamen (20 min). Utvalg skjer ved loddtrekning. For desse tel skriftleg oppgåve 60 % og munnleg eksamen 40 %.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til studieveileder.sosantr@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet.