Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Komparativ regional etnografi

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSANT215
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet tek utgangspunkt i dei tematiske kursa som studenten har vore gjennom på BA-programmet, og gjer sentrale perspektiv og debattar frå desse kursa relevante i forhold til to særskilde regionar. Førelesingane vil vere organiserte rundt komparative perspektiv på dei to regionane, ved at kvart tema blir drøfta opp mot etnografi frå begge regionane, med vekt på variasjon i kultur- og samfunnsformer. Det vil bli lagt vekt på korleis varige trekk ved kultur- og samfunnsformer heng saman med historiske og naturgitte føresetnader, samstundes som studenten får ei innføring i kritiske perspektiv på dei teoretiske føresetnadane som ligg til grunn for avgrensinga av regionar. I tillegg til førelesingar, vil etnografisk film vere ein viktig del av undervisinga på emnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • gjere greie for sentrale trekk ved kultur- og samfunnsformer innan to etnografiske regioner
  • kjenne til hovudtrekk ved antropologisk komparasjon

Ferdigheiter

  • anvende innsikt om sosialitet, materialitet, meining og makt i eit regionalt komparativt perspektiv
  • drøfte regionane sine sosio-kulturelle verkelegheiter i lys av imperialisme, globalisering og andre historiske vilkår
  • vise forståing for samspelet og skilnaden mellom empiri, teori og analyse i eigen tekstproduksjon

Generell kompetanse

  • reflektere over teoretiske utfordringar knytt til krysskulturell og regional komparasjon
  • kunne anvende sosialantropologiske omgrep og perspektiv knytt til regional komparasjon
  • kunne drøfte og samanlikne regionale særtrekk i ein sjølvstendig tekst
  • kjenne til hovudtrekka i kvalitativ metode og kan reflektere over desse
  • kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor fagspesifikke sjangrar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SANT100, SANT150, SANT102, SANT103, SANT104, SANT105

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og litteraturseminar
2 timer førelesing pr veke
14-15 veker, ca. 30 timer førelesning

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Skriftleg heimeeksamen. Tidsramme: éi (1) veke frå utlevering av oppgåvetekst til innlevering. Omfang: 3000 ord (+/- 10 prosent)

Karakterskala

Emnet blir karaktersett med bokstavkarakterar A-F.

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og det påfølgande semesteret.

Emneevaluering

Emnene blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for sosialantropologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sosantr.uib.no

55 58 92 50 / 55 58 94 51