Komparativ regional etnografi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek utgangspunkt i dei tematiske kursa som studenten har vore gjennom på BA-programmet, og gjer sentrale perspektiv og debattar frå desse kursa relevante i forhold til to særskilde regionar. Emnet legg vekt på variasjon i kultur- og samfunnsformer og vil vere organisert rundt eit komparativt perspektiv på dei to regionane, og ved at kvart tema blir drøfta opp mot etnografi frå begge regionane til slutt. Det vil bli lagt vekt på korleis varige trekk ved kultur- og samfunnsformer heng saman med historiske og naturgitte føresetnader, samstundes som studenten får ei innføring i kritiske perspektiv på dei teoretiske føresetnadane som ligg til grunn for avgrensinga av regionar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • gjere greie for sentrale trekk ved kultur- og samfunnsformer innan to etnografiske regionar
  • kjenne til hovudtrekk ved antropologisk komparasjon

Ferdigheiter

  • anvende innsikt om sosialitet, materialitet, meining og makt i eit regionalt komparativt perspektiv
  • drøfte regionane sine sosio-kulturelle verkelegheiter i lys av imperialisme, kolonialisme, globalisering og andre historiske vilkår
  • vise forståing for samspelet og skilnaden mellom empiri, teori og analyse i eigen tekstproduksjon

Generell kompetanse

  • reflektere over teoretiske utfordringar knytt til krysskulturell og regional komparasjon
  • kunne anvende sosialantropologiske omgrep og perspektiv knytt til regional komparasjon
  • kunne drøfte og samanlikne regionale særtrekk i ein sjølvstendig tekst
  • kjenne til hovudtrekka i kvalitativ metode og kan reflektere over desse
  • kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor fagspesifikke sjangrar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og litteraturseminar

4 timer førelesing pr veke

7-9 veker, ca. 30 timer førelesning

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Skriftleg heimeeksamen. Tidsramme: éi (1) veke frå utlevering av oppgåvetekst til innlevering. Omfang: 3000 ord (+/- 10 prosent)

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F.
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og det påfølgande semesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til studieveileder.sosantr@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Undervisingsutvalet for sosialantropologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet.