Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Etnografi i praksis

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Det etnografiske feltarbeidet, vidt definert som eit systematisk studie av menneske si åtferd i kulturell kontekst, er ein sentral del av korleis sosialantropologar produserer og formidlar kunnskap. Samstundes er det ein vitskapleg metode med stadig større fagleg relevans også utanfor akademia. I emnet lærer vi om eigenarten i metoden og dei sentrale metodiske komponentane av feltarbeid. Vi går også inn i det epistemologiske grunnlaget for etnografien og døme på teoretiske, etiske, og politiske vurderingar som kjenneteiknar god kvalitativ forsking. Emnet kombinerer slike fundamentale filosofiske og konseptuelle vurderingar med ei praktisk tilnærming til feltarbeid. Slik lærer studentar konkrete måtar å planlegge, utvikle, og gjennomføre etnografisk basert forsking ved hjelp av ulike metodologiske tilnærmingar, løyse forskingsetiske problem, og analysere komplekse kvalitative data. At emnet har fokus på teoretisk kunnskap så vel som overførbare praktiske ferdigheiter gjer SANT275 like godt tilrettelagt for studentar som vurderer ein master i sosialantropologi eller andre samfunnsvitskapar som dei som vil utvikle kvalitative ferdigheiter med nytteverdi i andre fagfelt og arbeidsliv. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskaper, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • kunne forstå det epistemologiske grunnlaget for etnografisk metode og denne sin plass i den samfunnsvitskaplege faghistoria
  • ha kjennskap til nytteverdien av etnografiske metodar i ulike arbeidslivssituasjonar både i og utanfor akademia

Ferdigheiter

  • kunne drøfte relasjonen mellom metode og teori i antropologisk forsking
  • kunne gjere reie for ulike metodologiske vurderingar i etnografiske døme og drøfte kva som kjenneteiknar god etnografi
  • kunne identifisere sentrale forskingsproblem og formulere relevante forskingsspørsmål innanfor ein sosialantropologisk tradisjon
  • kunne dra nytte av sentrale etnografiske metodar, inkludert deltakande observasjon og kvalitative intervju, for å rette lys mot sosiale forhald
  • kunne gjere reie for og nytte sentrale etiske retningslinjer i eit etnografisk basert prosjekt
  • kunne formidle etnografisk basert kunnskap skriftleg, munnleg, og visuelt

Generell kompetanse

  • utvikle kritisk medvit om hovudutfordringane ved å utføre feltarbeid og presentere etnografisk forankra kunnskap

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng spesialiseringsemne i sosialantropologi, fortrinnsvis SANT102, SANT103, SANT104 og SANT105

Tilrådde forkunnskapar

SANT100, SANT150, SANT102, SANT103, SANT104 og SANT105

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

6-8 veker med forelesingar, gruppeseminar, prosjektutvikling og praktiske øvingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har følgande obligatoriske aktivitetar:

  • Gjennomføring av tre mindre praktiske øvingar og eit kort feltarbeid
  • Innlevering av refleksjonsnotat på 1000 ord (+/- 10%)
  • Presentasjon av funn frå feltarbeid i gruppe
  • Obligatorisk deltaking på arbeidsgruppe under gjennomgang av studentpresentasjon

Alle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. Godkjende aktivitetar på emnet er berre gyldig inneverande semester

Vurderingsformer

Sluttrapport (3000-4000 ord inkl referansar) basert på refleksjonsnotat og feltrapport. Nærmare informasjon om krav til og utforming av det skriftlege arbeidet vil bli publisert på Mitt UiB

Karakterskala

Bokstavkarakter A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssystem for utdanning

Programansvarleg

Undervisingsutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet

Kontakt

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Sluttrapport

    Innleveringsfrist
    07.06.2023, 14:00
    Trekkfrist
    24.05.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen