Hjem
Utdanning
Masteremne

Individuell prosjektutvikling

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Dette emnet supplerer SANT301 og består av seminar og individuell rettleiing der målet er individuell prosjektutvikling og å sikre at studenten utformar eit prosjekt som let seg gjennomføre basert på eitt semesters feltarbeid. Konkret vert dette arbeidet utvikla gjennom individuelle prosjektskildringar. Med utgangspunkt i presentasjonar av skisser til prosjektframstilling vert feltarbeidet drøfta i seminar. I seminaret vert det arbeidd med utvikling av problemstillingar og forskingshypoteser i individuelle prosjekt. Med utgangspunkt i ulike antropologar sine presentasjonar av feltarbeidserfaringar vert praktiske og metodiske utfordringar ved feltarbeidet diskutert. Emnet gjev også ei orientering i personvern og i litteratursøking.  

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • ha etnografisk og temamessig innsikt i det eigendefinerte området som masteroppgåva skal handle om
  • ha kunnskap om fagetikk og personvern, inkludert det formelle regelverket på området
  • kjenne til prosjektbeskrivelse som eigen akademisk sjanger

Ferdigheiter

  • kunne formulere fagleg relevante problemstillingar og utvikle desse til eit gjennomførbart forskingsprosjekt
  • kunne ha evne til å reflektere over og vurdere kva som er eit godt antropologisk forskingsprosjekt
  • drøfte eigen og andre studentars tekstar i fagleg forum

Generell kompetanse

  • kunne hente inn relevant informasjon om eit tema og på grunnlag av dette formulera fruktbare forskingsspørsmål
  • kunne utvikle ein prosjektskisse og forberede eit eige vitskapeleg prosjekt
  • kunne utforme eit eige prosjekt innanfor ei avgrensa tidsramme

Krav til forkunnskapar

Bachelor i sosialantropologi eller andre godkjende bachelorgradar med fordjuping i sosialantropologi

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosialantropologi

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar og seminar leia av faglærar, med m.a. studentane sine munnlege og skriftlege presentasjonar, samt individuell rettleiing.

0-6 timer pr veke

6 veker

20-24 timer totalt

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i prosjektskriveseminar og innlevering av prosjektskisser undervegs.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig inneverande og dei 3 påfølgjande semestera.

Vurderingsformer

Ei prosjektskildring på 3000 ord (+/- 10%) utforma med individuell rettleiing.

Prosjektskildringa skal godkjennes av ein fagkomite beståande av to personer inkludert rettleiar. Prosjektskissa leggjast fram for ein komité for fagleg samtale om prosjektet, etter at all obligatorisk aktivitet er gjennomført og godkjent.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Emnene blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no

Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 92 63

Heimside: http://www.uib.no/antro/

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prosjektskildring

    Innleveringsfrist
    06.12.2019, 14:00
    Trekkfrist
    22.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen