Perspektiv på berekraftig utvikling

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er eit innføringsemne i berekraftig utvikling og gjev eit fleirfagleg perspektiv på konsekvensane av globale miljøendringar og endringar i sosioøkonomiske høve. Pensum er tverrfagleg og kombinerer prinsipp og kunnskap frå naturvitskapane og samfunnsvitskapane. Sentrale tema er energi, klima, biologisk mangfald, økosystem tenester, ferskvatn-ressursar, marine system, matproduksjon, helseutfordringar, urbanisering, globale miljøendringar, samt historikk og etiske aspekt ved berekraftsagendaen. Dei store globale berekrafts-utfordringane og deira påverknad, samt risiko, vil bli presentert i lys av internasjonale rammeverk og ny forsking. Emnet vil gi studentane eit utgangspunkt for å betre forstå betydinga av FNs berekraftmål og setja desse i samanheng med dei pågåande globale endringsprosessane me ser i dag.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha tileigna seg følgande kunnskap, evner og kompetanse.

 

Kunnskap

Studenten skal kunne:

  • gjere greie for FNs berekraftsmål, forhistoria og etiske aspekt ved denne agendaen
  • forstå dei grunnleggjande biologiske, fysiske og kjemiske prosessane i biosfæren
  • forklare dei grunnleggjande premissane for berekraftig utvikling
  • gjere greie for dei internasjonale rammeverka som innverkar på berekraftig utvikling
  • forklare og greie ut om globale endringsprosessar som innverkar på biologisk mangfald og økosystem
  • gjere greie for konsekvensane av forskjellige menneskeskapte endringsprosessar på land og til havs

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • nytte grunnleggjande terminologi og uttrykk for berekraftig utvikling
  • greie ut om FN sin Agenda 2030 i forhold til lokaliserte berekraftsutfordringar
  • styrke sine ferdigheiter i gruppearbeid, munnleg presentasjon, vitskapleg skriving, og diskusjon
  • demonstrere ferdigheiter i å presentere kunnskap til medstudentar og andre
  • demonstrere ferdigheiter i å bidra med konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar (fagfellevurdering)
  • reflektere over interaksjonar mellom FN sine berekraftsmål

 

Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • nytte kritisk tenking og kunnskapsbasert forståing
  • demonstrere interdisiplinær forståing om koplingar mellom menneskeleg påverknad på naturen og jorda
  • samanfatte koplinga mellom klima, energi, miljø, økonomi, demografi, helse og sosiale relasjonar gjennom å studere effekten av menneskeskapte endringsprosessar
  • gjere greie for utvalde aspekt av den globale miljøutviklinga og samanhengen mellom menneskeleg aktivitet og globale endringar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar ved UiB. Studentar som har emnet som obligatorisk eller tilrådd i sin utdanningsplan vil bli prioritert dersom det er fleire søkjarar enn plasser.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk semesteroppgåve.

Studentane blir delt inn i små grupper etter tema innanfor berekraftig utvikling. Kvar gruppe skal skrive eit essay på inntil 6000 teikn som tel 20% på endeleg karakter.

Læringsprosess:

  1. Skriftleg førsteutkast blir sendt til medstudentar for fagfellevurdering
  2. Med bakgrunn i tilbakemeldingar i fagfellevurderingane skal essayet forbetrast
  3. Munnleg presentasjon av teamet for essayet. Munnleg tilbakemelding på presentasjonen frå undervisningsassistentar og medstudentar
  4. Essayet justerast basert på tilbakemeldingane frå munnleg presentasjon før endeleg innlevering av essayet
  5. Kvar enkelt skal i etterkant evaluere gruppearbeidet, studentar som i mindre grad har bidratt i gruppearbeidet vil få lågare poengsum

Vurdering av semesteroppgåva er basert på følgande:

  • Innhald (teksten held seg til tema og diskuterer dette godt og kunnskapsbasert)
  • Kvalitet/originalitet (teksten er bygd godt opp, brukar språket på ein god måte til å få fram bodskapet)
  • Form (teksten oppfyller kravet til formatet, har tittel, deloverskrifter og god argumentasjonsrekkefølge)
  • Studentane må bidra på semesteroppgåvearbeidet for å bestå obligatorisk undervisningsaktivitet og kunne gå opp til avsluttande eksamen i emnet.

    Den obligatoriske aktiviteten er berre gyldig i semesteret aktiviteten blir fullført i.

Vurderingsformer
  • Skriftleg digital eksamen (4 timar), utgjer 80% av total karakter.
  • Godkjend semesteroppgåve, utgjer 20% av total karakter.
  • Karakterskala
    Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
    Vurderingssemester
    Det er digital eksamen kun i undervisingssemesteret.
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.