Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Klimaendringar - årsaker og konsekvensar

Undervisningssemester

Haust.

Mål og innhald

Mål

Emnet gir ei innføring i årsakene til og konsekvensane av klimaendringar. Emnet gir eit grunnlag for å forstå dei underliggjande fysiske prosessane som styrer klimavariasjonar på ulike tidsskalaer, samt konsekvensane klimaendringar har for samfunnet i form av auka risiko for flom, skred, ekstremver og stormflo. Emnet vil gi studentane eit utganspunkt for å betre forstå betydinga av FNS bærekraftmål og setja desse i samanheng med den pågåande endringa i klima.

Innhald

Emnet forklarer korleis variasjonar i ulike eksterne pådrag som solinnstråling, vulkansk aktivitet, endringar i drivhusgassar og forureiningspartiklar kan bidra til endringar i klimasystemet. Emnet vil gjennomgå korleis ulike interne tilbakekoplingsmekanismar styrker eller svekkjer graden av klimaendringane. Vidare vil ein gjennomgå kva for konsekvensar klimaendringar har for hyppigheita av flom, skred, ekstremvær og stormflo.

Emnet vil gjere deltakarane i stand til å samanlikne dei siste hundre års observerte klimaendringar med tidligare tiders naturlige variasjonar i klima.

Emnet svarer til FNs bærekraftsmål (spesielt SDG13) ved å styrke vår kunnskap om klima og klimarelaterte farar og vil gjere studenten bevisst på konsekvensen av politiske og strategiske val på lokalt, nasjonal og globalt plan.

Emnet består av video-førelesingar, tekst og oppgåver på web i tillegg til tradisjonelle førelesingar og kollokviearbeid, etterfylgt av semesteroppgåver med presentasjon av forskingsresultat.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha tilegnet seg følgende kunnskap, evner og kompetanse.

Kunnskap:

Studenten skal kunne

  • forklare dei grunnleggjande fysiske mekanismane bak storskala klimavariabilitet
  • forstå dei eksterne klimapådrivarane og årsak til klimavariabilitet
  • forklare og greie ut om dei grunnleggjande fysiske tilbakekoplingsmekanismane i klimasystemet
  • gjere greie for betydinga av hav og atmosfære-sirkulasjonen
  • forklare korleis klima har variert i fortida og korleis disse endringane har blitt rekonstruert
  • forstå betydinga av havets opptak av varme
  • gjere greie for effekten av klimaendringar for hyppigheita av ekstreme hendingar slik som flom, skred, ekstremver og stormflo
  • forstå konsekvensane av klimaendringar for samfunnet

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • greie ut om klimafølsemd og estimere betydinga av eksterne klimapådriv frå sola, vulkanar og endringar i drivhusgassar
  • greie ut om konsekvensane av klimaendringar og betydinga for samfunnet
  • styrke sine ferdigheiter i munnleg presentasjon, vitskapleg skriving, og diskusjon

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • nytte kritisk tenking og fysiske forståing
  • demonstrere interdisiplinær forståing om koplingar mellom menneskeleg påverknad av naturen og jorda igjennom diskusjon.
  • Samanfatte koplinga mellom klima, miljø, økonomi, demografi og sosiale relasjonar igjennom å studere effekten av menneskeskapte utslepp av klimagassar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskap innan matematikk, fysikk eller geofag er ein fordel.

Det er også en fordel å ha vært student på universitetsnivå i minst ett år.

Studiepoengsreduksjon

GEOF212: 5ECTS, MNF344: 5ECTS

Krav til studierett

Opent for alle studentar ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av video førelesningar (Massive Open Online kurs; MOOC), klasseroms undervisning og kollokviearbeid.

- MOOC kurs: 20 timer

- Førelesningar: 2 timer i veka i 12 veker

- Kollokvia: 2 timer i veka i 12 veker

I tillegg skal studentane lage en plakat eller en videosnutt av eitt oppgåve/emne tilknytte kurset som skal presenterast på kurset, samt levere og presentere en skriftleg oppgåve / rapport av et valt emne innanfor kurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av plakat eller film (A-F), innlevering og presentasjon av skriftleg oppgave / rapport (A-F).

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i semesteret det undervises i.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • plakat eller film (30%)
  • skriftleg oppgave / rapport og presentasjon av oppgava (70%).
  • fullført minst 80 % av kursstega og alle test spørsmåla i MOOC kurset ¿Causes of Climate Change (bestått/ikke bestått)

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er berre vurdering i semester med undervisning i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
Studierettleiar@geo.uib.no
Tlf 55 58 34 96

Eksamensinformasjon