Klimaendringar - årsaker og konsekvensar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet gir ei innføring i årsakene til og konsekvensane av klimaendringar. Emnet gir eit grunnlag for å forstå dei underliggjande fysiske prosessane som styrer klimavariasjonar på ulike tidsskalaer, samt fysiske og økonomiske konsekvensar av klimaendringar. Korleis forskjellige utsleppsscenario påverkar klima og kva faktorar styrer endringar i utslepp. I tillegg, forskjellige klimaendringar og deira påverknad, samt risiko, vil bli presentert i lys av internasjonale rammeverk for klima bedømming, tilpassing, og mildning. Emnet vil gi studentane eit utgangspunkt for å betre forstå betydinga av FNs bærekraftmål og setja desse i samanheng med den pågåande endringa i klima.

Innhald

Emnet forklarer korleis variasjonar i ulike eksterne pådrag som solinnstråling, vulkansk aktivitet, endringar i drivhusgassar og forureiningspartiklar kan bidra til endringar i klimasystemet. Emnet vil gjennomgå korleis ulike interne tilbakekoplingsmekanismar styrker eller svekkjer graden av klimaendringane. Emnet vil gjere deltakarane i stand til å samanlikne dei siste hundre rs observerte klimaendringar med tidlegare tiders naturlige variasjonar i klima.

Emnet vil gjennomgå nokre fysiske og økonomiske risiko og konsekvensar forbundet med endringar i klima. Emnet svarer til FNs bærekraftsmål (spesielt SDG-13) ved å styrke vår kunnskap om klima og klimarelaterte farar og vil gjere studenten bevisst på konsekvensen av politiske og strategiske val på lokalt, nasjonal og globalt plan.

Emnet består av web og klasseromsførelesingar, tekst og oppgåver på web i tillegg til tradisjonelle førelesingar og kollokviearbeid, etterfylgt av semesteroppgåver med presentasjon av forskingsresultat.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha tilegnet seg følgende kunnskap, evner og kompetanse.

 Kunnskap

Studenten skal kunne

  • forklare dei grunnleggjande fysiske mekanismane bak storskala klimavariabilitet
  • forstå dei eksterne klimapådrivarane og årsak til klimavariabilitet
  • forklare og greie ut om dei grunnleggjande fysiske tilbakekoplingsmekanismane i klimasystemet
  • gjere greie for forskjellige menneskeskapte utsleppskjelder
  • forklare dei underliggjande pådrivarane for endringar i menneskeskapte utslepp
  • forstårisiko gjennom hendelse, eksponering og sårbarhet 
  • forstå mulige fysiske og økonomiske konsekvenser av klimaforandringene ¿
  • forklare det internasjonale rammeverket for klima vurdering, tilpassing og mildning
  • gjere greie for FNs bærekraftsmål nr. 13 og setja det i samanheng med ei øvrige bærekraftsmåla.

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • nytte grunnleggjande terminologi og uttrykk for klima og klimaendringar
  • greie ut om klimafølsemd og estimere betydinga av eksterne klimapådriv frå sola, vulkanar og endringar i drivhusgassar
  • greie ut om konsekvensane av klimaendringar og betydinga for samfunnet igjennom et risiko rammeverk
  • styrke sine ferdigheiter i munnleg presentasjon, vitskapleg skriving, og diskusjon
  • demonstrere ferdigheiter i å presentere venskapleg kunnskap til medstudentar og andre
  • demonstrere ferdigheiter i å bidra med konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar (peer-reivew)
  • reflektere over tilkoblingen og interaksjonen mellom FNs bærekraftsmål

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • nytte kritisk tenking og fysiske forståing
  • demonstrere interdisiplinær forståing om koplingar mellom menneskeleg påverknad av naturen og jorda igjennom diskusjon
  • samanfatte koplinga mellom klima, miljø, økonomi, demografi og sosiale relasjonar igjennom å studere effekten av menneskeskapte utslepp av klimagassar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 34.

Tidspunkt for første førelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesing. Dersom du ikkje kan møte på første førelesing må du ta kontakt med studieseksjonen: studieveileder@gfi.uib.no

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesing.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskap innan matematikk, fysikk eller geofag er anbefalt.

Det er også en fordel å ha vært student på universitetsnivå i minst to år.

Studiepoengsreduksjon

MNF344: 5ECTS

GEOF212: 5ECTS

Krav til studierett
Opent for alle studentar ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av video førelesningar (Massive Open Online kurs; MOOC), klasseroms undervisning og kollokviearbeid.

- MOOC kurs: 20 timer

- Førelesningar: 2 timer i veka i 12 veker

- Gruppeøvingar: 2 timer i veka i 12 veker

I tillegg skal studentane lage en plakat eller en video av eitt emne knytt til kurset som skal presenterast på kurset, samt levere og presentere ein skriftleg rapport om eit valt emne innanfor kurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obigatorisk fagfellevurdering av medstudentar sine tekstar. Obligatorisk oppmøte på forelesninger og gruppetimer (minst 80% fremmøte). 

Fullført minst 80 % av kursstega og alle test spørsmåla i MOOC kurset "Causes of Climate Change (bestått/ikke bestått)

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i semesteret det undervises i.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • presentere plakat eller video (30%)
  • skriftleg semester oppgåve / rapport og presentasjon av oppgåva (70%)

Vi reknar saman poengsummer frå delvurderingane for å bestemme sluttkarakter i emnet. Delvurderingane må vere bestått for å bestå emnet.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er berre vurdering i semester med undervisning i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for geovitenskap har det administrative ansvaret for emnet.