FNs Bærekraftsmål 14: Liv under vatn
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeSDG214
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelornivå
Undervisningssemester
Vår, undervises ikke våren 2023.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Mål og innhald
I 2015 vedtok FN 17 samankoplede mål for berekraftig utvikling (Sustainable Development Goals) som omhandlar dei globale utfordringane med fattigdom, ulikskap, klimaendring, miljøforringelse, velstand, fred og rettferdighet. Dette kurset fokuserer på berekraftsmål 14: Liv under vatn. SDG 14 tar sikte på å "bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling", og har 10 spesifiserte delmål relatert til havforureining og bevaring, berekraftig fiskeri, marin teknologi, og global endring. Gjennom aktiv læring og arbeid i grupper skal studenten tilegne seg kunnskap og ferdigheiter knytta til vitenskap, politikk og samfunn som er nødvendig for å forstå og bidra til ei berekraftig utvikling av livet under vatn. Kurset blir avslutta med eit symposium kor studentane skal presentera eit gruppeprosjekt som poster. Du kan ta ein titt på postera frå tidligare kurs her.
Sjå korte filmar frå emnet i 2019 som vise korleis emnet koplar studentaktiv læring og utdanning for berekraftig utvikling.
Læringsutbyte
Kunnskap
Ein student som har fullført emnet skal kunne:
- Identifisere fysiske og biologiske havsprosessar som bidreg til å gjere problema under SDG 14 globale.
- Forklare bakgrunnen for og hovudtrekka til dei viktigaste internasjonale avtalane og konvensjonane som er relevante for SDG 14.
- Beskrive rollene til viktige statlege og mellomstatlege arenaer for beslutningar som er relevante for SDG 14.
Ferdigheiter
Etter gjennomføring av emnet skal ein student kunne:
- Analysere og sette i samanheng SDG 14-delmåla i lys av dei andre SDG-delmåla.
- Identifisere interessentar (stakeholders) og analysera deira motiv.
- Evaluere eksisterande forsking og føreslå forskingsbehov relatert til SDG 14.
Generell kompetanse
Ein student som har fullført emnet vil kunne:
- Finne, navigere og knytte samanhenger mellom vitskapeleg litteratur og rapporter, konvensjonar og politiske dokument.
- Samanstille og bruke vitskapeleg grunngjevne argument for relevante samfunnsdebatter.
- Gi konstruktive fagfellevurderingar, basert på kritiske og løysningsorienterte synspunkt.
- Identifisere og kunne skilja mellom vitskapeleg kunnskap, verdiar, tru og ideologiar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein fordel å ha vore student på universitetsnivå i minst eitt år.
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Dette kurset er hovudsakleg basert på aktive læringsmetodar, der studentane spele ei nøkkelrolle i si eiga læring. Studentane vil jobbe i grupper, med individuelle oppgåve og gruppeoppgåve, inkludert:
- individuelle essays
- gruppepresentasjonar
- fagfellevurderingar av medstudentane sine oppgåver
- førebu seg på og utføre ein debatt
- lage ein plakat og presentere den på ein kurskonferanse i mai
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente oppgåver.
Sjølv om det ikkje er obligatorisk å møte på undervisningstimane (utanom den første undervisningstimen), skjer mykje av aktiviteten der og læringseffekten vil bli avgrensa dersom ein vel å ikkje delta aktivt.
Vurderingsformer
Mappevurdering:
- skriftlege oppgåver
- presentasjonar
- poster og essay, presentasjon på kurssymposiet
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Karakterskala
Bestått/Ikke bestått
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Kontakt Studieseksjonen på Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Mappevurdering
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen