Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

FNs Bærekraftsmål 15: Liv på land

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSDG215
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er torsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 3.

Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning. Dersom du ikkje kan møte på første førelesning må du ta kontakt med studieseksjonen: studie@bio.uib.no

Mål og innhald

I 2015 vedtok FN 17 samankopla mål for berekraftig utvikling (SDG) som omhandlar dei globale utfordringane med fattigdom, ulikheit, klimaendring, miljøforringing, velstand, fred og rettferd. Måla skal oppnåast innan år 2030. For å realisere dette haster det både å handle og engasjere dei yngre generasjonane.

Dette kurset fokuserer på berekraftsmål 15, Livet på land (SDG15), som tar sikte på å beskytte, gjenopprette og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, kjempe mot ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing, samt stanse tap av artsmangfald.

Menneskeheita sin påverknad på dei naturlege prosessane til planeten har dei siste århundra vore så massiv at den holocene epoken i etteristida har teke slutt og vi lever no i den anthropocene epoken, med masseutrydding av dyreartar, klimaendringar og fysiske endringar i jordas overflate som globale utfordringar med lokale konsekvensar. Menneske har altså omforma naturomgjevnadene sine i tusental av år gjennom å dyrke jorda og domestisere plantar og dyr. Emnet diskuterer korleis mennesket har påverka desse prosessane og kva slags løysingar me treng for eit grønt skifte og ei berekraftig utvikling. Resiliens og berekraft i sosial-økologiske system er sentrale omgrep i emnet. Kurset fokuserer på å klart definere SDG-utfordringane, i staden for å gje studentane ferdige løysingar.

Berekraftig utvikling er eit tema som angår alle studentar, og kurset er derfor opent for alle. Undervisaren vil nytte aktive læringsmetodar, og studentane vil spille ei nøkkelrolle i å diskutere mulegheitene og utfordringane med berekraftsmål 15.

Gjennom aktiv læring vil studentane lære meir om SDG15: målsettingar og indikatorar, vitskaplege grunnlag og korleis det heng saman med andre SDG-mål. Studentane skal jobbe med å:

  1. Finne, bruke og evaluere internasjonale rapporter, stortingsmeldingar og vitskapleg litteratur relevant for SDG15
  2. Identifisere forskjellige interessentar og deira motivasjonar
  3. Komponere og bruke vitskaplege argument i debatter om SDG15
  4. Skilje vitskap frå verdiar og ideologiar i både eigne og andre sine argumentasjonar
  5. Lage og presentere ein poster til kurset sitt postersymposium

Studentane skal også få ei grunnleggjande forståing av eigenskapane (fysiske, økologiske, miljømessige, klimaendringar) til terrestrielle system som bidrar til utfordringane under SDG15 globalt, og dei viktigaste statlege og mellomstatlege arenaene for avgjersler som er relevante for SDG15.

Du kan ta en titt på postere fra tidligere kurs her.

Læringsutbyte

Etter gjennomført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten:

  • Kan identifisere hovudprosessane som bidreg til utfordringane som livet på land (SDG15) står ovanfor
  • Kan beskrive SDG15-måla, indikatorane og sentrale trade-offs mellom dei og i forhold til andre SDG-mål
  • Kan forklare bakrgrunnen for og hovudtrekka til dei viktigaste internasjonale avtalane og konvensjonane som er relevante for SDG15
  • Kan identifisere dei sentrale regjerings- og mellomstatlege arenaene for vedtaksprosessar som er relevante for SDG15

Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan beskrive hovudutfordringane for livet på land fundert på bevisbasert kunnskap
  • Kan analysere og sette i samanheng SDG15-delmåla i lys av dei andre SDG-måla
  • Kan identifisere ulike interessentar og kjenne igjen deira motivasjonar
  • Kan evaluere eksisterande forsking og identifisere forskingsbehov relatert til SDG15
  • Kan beherske forskjellige typar presentasjonsteknikkar, for eksempel poster og essay

Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan finne, navigere og knytte samanhengar mellom vitskapleg litteratur og rapportar, konvensjonar og politiske dokument
  • Kan samanstille og bruke vitskapleg grunngjevne argument for relevante samfunnsdebatter, både munnleg og skriftleg, individuelt og i grupper
  • Kan gi konstruktive fagfellevurderingar, basert på kritiske og løysingsorienterte synspunkt
  • Kan identifisere og skilje mellom vitskapleg kunnskap, verdiar og ideologiar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande økologisk forståing gjennom økologiske emne i bachelorløpet (t.d. BIO102, BIO201, SDG110)

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Dette kurset er hovedsakelig basert på aktive læringsmetoder, der studentene spiller en nøkkelrolle i sin egen læring. Student vil jobbe i grupper, med individuelle oppgaver og gruppeoppgaver, inkludert:

  • individuelle essays
  • gruppepresentasjoner
  • fagfellevurderinger av medstudentens oppgaver
  • forberede seg på og utføre en debatt
  • lage en plakat og presente den på en kurskonferanse

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk oppmøte på første forelesing.
  • Obligatorisk deltaking på prosjektgrupper/ekskursjonar til Lygra og Mongstad.
  • Godkjente obligatoriske oppgåver. Alle må levere inn oppgåve 1 og 9, pluss fire av dei andre oppgåvene (totalt 6 av 9). Det betyr at du berre kan gå glipp av tre av oppgåvene mellom nummer 1 og 9. Kvar oppgåve blir gitt ein poengsum (mellom 0-14 poeng), poster/essay på slutten av kurset gir maksimum 30 poeng. Maks total poengsum er 100 poeng (14 poeng x 5 innleveringer + 30 poeng for poster/essay = 100 poeng)

Godkjente obligatoriske aktiviteter er gyldige for 2 semestre, inkludert ferdigstillingssemesteret.

Vurderingsformer

Mappeevaluering bestående av:

  • skriftlige oppgaver, individuelle eller i grupper
  • presentasjoner
  • poster og essay, presentert på kurssymposiet

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisningsa i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Emneansvarleg

Emneansvarlig og administrativ kontaktperson finn du på MittUiB, kontakt eventuelt studieadministrasjonen på instituttet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitskap: studie@bio.uib.no