Hjem
Studentsider
Masteremne

Systemtenking og modellering for berekraft

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSDG312
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Systemtenking styrkar evna til å analysera strukturen og dynamikken i komplekse system på tvers av ulike område (samfunn, miljø, marknad, osb.), og på ulike skalaer (frå lokal til global). Ei slik forståing er ein viktig føresetnad for å identifisere innslagspunkt for handling, antesipere framtidige utviklingsstiar, og å mogleggjere endringsprosessar. Analyse av komplekse system krev at ein må kunne forstå, empirisk verifisere og formulere strukturen , kjernekomponentane og dynamikken deira ved bruk av mellom anna kvalitativ og kvantitativ modellering.

Emnet gir ei innføring i teori, verktøy og teknikkar innanfor systemtenking og modellering, og korleis ein kan nytte desse i å analysere og løyse problem knytt til berekraft. Universitetet i Bergen samarbeider med eksterne organisasjonar om å gi studentane konkrete utfordringar knytt til berekraft. Studentane vil bruke systemtenking og -modellering til å løyse utfordringane.

Prosessane knytt til systemtenking og modellering skal gi studentane ei betre forståing av systemkompleksitet og korleis avgjerslene våre påverkar korleis system oppfører seg på bakgrunn av abstraksjonar og forenklingar av den verkelege verda.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Kan bruke og gjere kritisk reie for systemtenkingsverktøy
  • Kan bruke metodar for utvikle scenario
  • Kan bruke multikriterie analyse for å innhente og analysere verdipreferansar
  • Kan utføre systemdynamiske modelleringsprosessar frå definering av problem til policy-analyse

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan kritisk vurdere ulike tilnærmingar til systemtenking og modellering
  • Kan bruke forskjellege scenario rammeverk for å skildre både eksisterande og moglege framtidige systemkonfigurasjonar og utfall
  • Kan nytte multi-kriterie analyse på utfordringar knytte til berekraftig utvikling

Generell kompetanse

Emnet har eit sterkt fokus på å utvikle kommunikasjon- og samarbeidsevner, og særleg følgjande generelle kompetanse:

  • tenkje og reflektere kritisk
  • løyse (autentiske) problem i tverrfaglege grupper
  • presentere eige arbeid, både individuelt og i grupper
  • kommentere på andre sitt arbeid, samt respondere på kommentarar på eige arbeid

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande som inkluderer ei spesialisering innan eit fagområde relevant for programmet av eit omfang på minimum eitt og eit halvt års studium (80 studiepoeng).

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i berekraft ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil skje som forelesingar, spel, seminar, prosjektarbeid, og som  studentleia læring.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking i gruppearbeid med oppgåver knytt til casestudier
  • Studentane skal evaluere og gi tilbakemelding på kvarandre sitt gruppearbeid
  • Studentleia innlegg ( max.45 minutt om utvalde tema innan systemtenking og modellering)

Alle aktivitetar og oppgåver må godkjennast før mappa blir vurdert

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Mappa skal bestå av

  1. Ein prosjektrapport som dokumenterer prosessen og utfallet av prosjektarbeidet. Rapporten skal telje 70% av den samla karakteren.
  2. Eit 3-minutts videoklipp med presentasjon av hovudfunna til prosjektet og med svar på spørsmål frå eksaminator. Presentasjonen skal telje 30 % av den samla karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår.

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg innan 1. desember.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Senter for vitskapsteori har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

The Center for the study of the sciences and humanities (Senter for vitskapstori, SVT) is administratively responsible for the program.