Systemtenking og modellering for berekraft

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Systemtenking styrkar evna til å analysera strukturen og dynamikken i komplekse system på tvers av ulike område (samfunn, miljø, marknad, osb.), og på ulike skalaer (frå lokal til global). Ei slik forståing er ein viktig føresetnad for å identifisere innslagspunkt for handling, antesipere framtidige utviklingsstiar, og å mogleggjere endringsprosessar. Analyse av komplekse system krev at ein må kunne forstå, empirisk verifisere og formulere strukturen , kjernekomponentane og dynamikken deira ved bruk av mellom anna kvalitativ og kvantitativ modellering.

Emnet gir ei innføring i teori, verktøy og teknikkar innanfor systemtenking og modellering, og korleis ein kan nytte desse i å analysere og løyse problem knytt til berekraft. Dette skal oppnåast gjennom arbeid med case som skildrar komplekse berekraftsutfordringar. Studentane vil bruke systemtenking og -modellering til å løyse utfordringane.

Prosessane knytt til systemtenking og modellering skal gi studentane ei betre forståing av systemkompleksitet og korleis avgjerslene våre påverkar korleis system oppfører seg på bakgrunn av abstraksjonar og forenklingar av den verkelege verda.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Kan bruke og gjere kritisk reie for systemtenkingsverktøy
  • Kan bruke metodar for utvikle scenario og multikriterie analyse
  • Kan utføre systemdynamiske modelleringsprosessar frå definering av problem til policy-analyse

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan kritisk vurdere ulike tilnærmingar til systemtenking og modellering
  • Kan bruke forskjellege scenario rammeverk for å skildre både eksisterande og moglege framtidige systemkonfigurasjonar og utfall
  • Kan nytte multi-kriterie analyse på utfordringar knytte til berekraftig utvikling

Generell kompetanse

Emnet har eit sterkt fokus på å utvikle kommunikasjon- og samarbeidsevner, og særleg følgjande generelle kompetanse:

  • tenkje og reflektere kritisk
  • løyse (autentiske) problem i tverrfaglege grupper
  • presentere eige arbeid, både individuelt og i grupper
  • kommentere på andre sitt arbeid, samt respondere på kommentarar på eige arbeid

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande som inkluderer ei spesialisering innan eit fagområde relevant for programmet av eit omfang på minimum eitt og eit halvt års studium (80 studiepoeng).
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i berekraft ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga vil skje som forelesingar, spel, seminar, prosjektarbeid, og som studentleia læring.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Mappevurdering.

Mappa skal bestå av

  1. Ein prosjektrapport som skal telje 70 % av den samla karakteren. Prosjektrapporten skal dokumenterer prosessen og utfallet av ein modelleringsprosess.

Du vil få følgjande "case"-oppgåve knytt til modelleringsprosjektet:

1. Eit problem som du må forklare ved hjelp av systemdynamiske modellar og systemtenkjingsverktøy

2. Du vil få instruksjonar for korleis du skal byggje ein simulasjonsmodell

3. Nokre spørsmål som skal svarast på

Sjølve rapporten skal vere på opp til 10 sider (utan vedlegg). I tillegg skal du lage ein ei-sides samanfatning av analysen din.

2. Eit videoklipp med presentasjon av hovudfunna til prosjektet. Presentasjonen skal telje 30 % av den samla karakteren.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg innan 1. desember.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Senter for vitskapsteori har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
The Center for the study of the sciences and humanities (Senter for vitskapstori, SVT) is administratively responsible for the program.