Praksisopphald

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studenten erfaringsbasert innsikt i korleis berekraft spelar seg ut i ei konkret verksemd eller annan organisasjon. Emnet skal gi innsikt i berekrafts-relaterte behov i den einskilde organisasjonen, og tene som utgangspunkt for studentens eigen refleksjon over forholdet mellom teori og praksis. Studenten skal bringe inn berekraftsperspektiv til organisasjonen, og ikkje berre delta i daglege gjeremål. Arbeidet med å bringe inn berekraftsperspektiv skal gjerast greie for i ei eiga praksisavtale. Praksisopphaldet vil førebu studentane på arbeidslivet, og røynsle og observasjonar frå opphaldet vil gi innhald til masteroppgåva i emnet SDG351 Masteroppgåve (30 studiepoeng).

Innhald:

Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få innblikk i korleis berekraftsutfordringar løysast praktisk i verksemder og andre organisasjonar.

Studenten gjennomfører ein plan for å bringe inn berekraftsperspektiv i ein organisasjon etter eiga praksisavtale og deltek samtidig i daglege arbeidsoppgåver der ho/han er utplassert. Studenten skal òg ta feltnotatar og samle dokumentasjon til bruk i SDG351.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten kan:

  • gjere greie for berekraftsproblem i ein praktisk samanheng
  • gjere greie for dei spesifikke utfordringane knytt til berekraft i ein organisasjon eller bedrift

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • formidle mellom praksis og teori på ein reflektert måte
  • gjere greie for utfordringar og moglegheiter knytt til arbeid i tverrfaglege team

Generell kompetanse

  • Studenten kan bidra til å løse problemer i samarbeid med en tverrfaglig gruppe

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
-
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til master i berekraft
Arbeids- og undervisningsformer

Seminarrekke (5-10 seminar på to timar) med sentrale tema frå dei obligatoriske kursa som tilpassast spesialiseringa til den enkelte studenten Seminara skal følgjast i arbeidstida.

Praksisperioden skal vere 12 - 16 veker lang, med femdagars arbeidsveke.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Fullført praksisperiode (12 - 16 veker lang, med femdagars arbeidsveke) i samsvar med praksisavtalen, stadfesta av student, SVT og organisasjonen.
Vurderingsformer
Praksisrapport (3000-6000 ord + eventuelle vedlegg) som gjer greie for planen for å bringe inn berekraftsperspektiv i organisasjonen, gjennomføring og resultat. Rapporten skal òg innehalde feltnotat og annan dokumentasjon på gjennomføring og resultat. Notat og annan dokumentasjon kan samlast i eit eige vedlegg til rapporten.
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for Masterprogrammet i berekraft
Administrativt ansvarleg
Senter for vitskapsteori