Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Klimaendringar - årsaker og konsekvensar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Lavere grad

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Berge, Finse 

Mål og innhald

Mål

Emnet gir ei innføring i årsakene til og konsekvensane av klimaendringar. Emnet gir eit grunnlag for å forstå dei underliggjande fysiske prosessane som styrer klimavariasjonar på ulike tidsskalaer, samt fysiske og økonomiske konsekvensar av klimaendringar. Korleis forskjellige utsleppsscenario påverkar klima og kva faktorar styrer endringar i utslepp. I tillegg, forskjellige klimaendringar og deira påverknad, samt risiko, vil bli presentert i lys av internasjonale rammeverk for klima bedømming, tilpassing, og mildning. Emnet vil gi studentane eit utgangspunkt for å betre forstå betydinga av FNs bærekraftmål og setja desse i samanheng med den pågåande endringa i klima.

Innhald

Emnet forklarer korleis variasjonar i ulike eksterne pådrag som solinnstråling, vulkansk aktivitet, endringar i drivhusgassar og forureiningspartiklar kan bidra til endringar i klimasystemet. Emnet vil gjennomgå korleis ulike interne tilbakekoplingsmekanismar styrker eller svekkjer graden av klimaendringane. Emnet vil gjere deltakarane i stand til å samanlikne dei siste hundre rs observerte klimaendringar med tidlegare tiders naturlige variasjonar i klima.

Emnet vil gjennomgå nokre fysiske og økonomiske risiko og konsekvensar forbundet med endringar i klima. Emnet svarer til FNs bærekraftsmål (spesielt SDG-13) ved å styrke vår kunnskap om klima og klimarelaterte farar og vil gjere studenten bevisst på konsekvensen av politiske og strategiske val på lokalt, nasjonal og globalt plan.

Emnet er et samlingsbasert nettkurs, basert på digital undervisning, gruppearbeid i zoom, samt 1-2 2-dagers-samlinger i Bergen og/eller på Finse. 

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha tilegnet seg følgende kunnskap, evner og kompetanse.

 Kunnskap Studenten skal kunne

  • forklare dei grunnleggjande fysiske mekanismane bak storskala klimavariabilitet
  • forstå dei eksterne klimapådrivarane og årsak til klimavariabilitet
  • forklare og greie ut om dei grunnleggjande fysiske tilbakekoplingsmekanismane i klimasystemet
  • gjere greie for forskjellige menneskeskapte utsleppskjelder
  • forklare dei underliggjande pådrivarane for endringar i menneskeskapte utslepp
  • forstårisiko gjennom hendelse, eksponering og sårbarhet 
  • forstå mulige fysiske og økonomiske konsekvenser av klimaforandringene ¿
  • forklare det internasjonale rammeverket for klima vurdering, tilpassing og mildning
  • gjere greie for FNs bærekraftsmål nr. 13 og setja det i samanheng med ei øvrige bærekraftsmåla.

Ferdigheiter Studenten skal kunne

  • nytte grunnleggjande terminologi og uttrykk for klima og klimaendringar
  • greie ut om klimafølsemd og estimere betydinga av eksterne klimapådriv frå sola, vulkanar og endringar i drivhusgassar
  • greie ut om konsekvensane av klimaendringar og betydinga for samfunnet igjennom et risiko rammeverk
  • styrke sine ferdigheiter i munnleg presentasjon, vitskapleg skriving, og diskusjon
  • demonstrere ferdigheiter i å presentere venskapleg kunnskap til medstudentar og andre
  • demonstrere ferdigheiter i å bidra med konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar (peer-reivew)
  • reflektere over tilkoblingen og interaksjonen mellom FNs bærekraftsmål

Generell kompetanse Studenten skal kunne

  • nytte kritisk tenking og fysiske forståing
  • demonstrere interdisiplinær forståing om koplingar mellom menneskeleg påverknad av naturen og jorda igjennom diskusjon
  • Samanfatte koplinga mellom klima, miljø, økonomi, demografi og sosiale relasjonar igjennom å studere effekten av menneskeskapte utslepp av klimagassar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskap innan matematikk, fysikk eller geofag er anbefalt. Det er eit førenom å ha studert på universitets- eller høgskulenivå i minst to år.

Studiepoengsreduksjon

SDG213: 10 STP MNF344: 5 stp

Krav til studierett

Emnet er åpent for en begrenset gruppe lærere for undervinsingsterminen høsten 2021. Ved senere år vil tilbudet utvides til interesserte søkere. 

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet vil vere nettbasert med ca. 4 timer kvar veke, der maks 2 timar vil brukast på gruppearbeid via zoom og  zoom break-out sessions.

Det leggjast og til rette for 1-2 2-dagars fysiske samlingar til Bergen/Finse i løpet av kurset. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på gruppesesjonar i zoom

Obligatorisk deltaking på samlingar i Bergen/Finse. 

Obligatorisk innlevering av gruppeoppgave

Vurderingsformer

Mappevurdering: Gruppoppgave

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt. 

Karakterskala

Bestått / Ikje bestått

Vurderingssemester

Haust. Vurdering er berre mogleg i semester med undervising. 

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her: Studierettleiar@geo.uib.no Tlf 55 58 34 96

Eksamensinformasjon