Hjem
Studentsider
PhD-kurs

Læring frå COVID-19 pandemien: ei tverrfagleg tilnærming

  • Studiepoeng4
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSDG928
  • Ressursar

Hovedinnhold

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk

Kursinnhald

Å analysere pandemien frå multi- og tverrdisiplinære perspektiv for å få ei betre forståing for kunnskapen som er brukt for å forstå og adressere ein eineståande trussel mot global helse i samfunnet. Vidare, til å reflektere rundt ulike tilnærmingar til kompleksitet og usikkerhet for betre beredskap for nye kriser

Læringsutbyte

Etter fullført kurs kan studenten:

Kunnskap:

Studenten kan:

- forstå kompleksiteten og usikkerheten i utvikling av bevis rundt COVID-19 pandemien

- kan evaluere formålet og bruken av ulike metoder og prosessar i forskingsprosjekt relatert til pandemien frå ulike fagdisiplinar

- kan bidra til utviklinga av ny tverrfagleg kunnskap, nye teoriar, metodar, tolkingar og former for dokumentasjon på feltet.

Ferdigheiter:

Studenten:

- Kan formulere komplekse problem, forskingsspørsmål og vitskapleg og/eller kunstnarleg utviklande arbeid ved å ta i bruk ulike perspektiv

- kan utforme forskingsspørsmål og vitskapleg og/eller kunstnarleg forskingsarbeid av høg internasjonal standard

- kan handtere komplekse akademiske spørsmål og utfordre allereie etablert kunnskap og praksis i feltet

Generell kompetanse:

Studenten:

- Kan identifisere nye relevante etiske problemstillingar og utarbeide forskingsarbeid med høg vitskapleg integritet

- Kan argumentere for komplekse tverrfaglege oppgåver og prosjekt

- kan oppdage behovet for, sette i gong og utøve innovasjon innan feltet

Undervisningsperiode

Vår. Januar

Studiepoeng

4 studiepoeng (ECTS)

Formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Obligatoriske arbeidskrav

- 80% oppmøteplikt på praktiske sesjonar som gruppearbeid

- godkjent gruppearbeid, inkludert presentasjon

- elektronisk kursevaluering

- godkjent essay

Vurderingsform

Presentasjon i grupper (godkjent)

Essay (5-10 sider) karakter A-F

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

- Undervisning, inkludert Case-basert læring (CBL) og Team-basert læring (TBL), fire dagar pr veke i to veker (gruppearbeid første fredag, evaluering andre fredag)

- Gruppearbeid basert på definerte øvingar kvar ettermiddag gjennom begge veker, og arbeid med individuelle oppgåver

Fagleg ansvar

Professor Esperanza Diaz

https://www.uib.no/personer/Esperanza.Diaz.Perez

Kontakt

Undervisningsperiode

Vår. Januar