Læring frå COVID-19 pandemien: ei tverrfagleg tilnærming

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Å analysere pandemien frå multi- og tverrdisiplinære perspektiv for å få ei betre forståing for kunnskapen som er brukt for å forstå og adressere ein eineståande trussel mot global helse i samfunnet. Vidare, til å reflektere rundt ulike tilnærmingar til kompleksitet og usikkerhet for betre beredskap for nye kriser

Læringsutbyte

Etter fullført kurs kan studenten:

Kunnskap:

Studenten kan:

- forstå kompleksiteten og usikkerheten i utvikling av bevis rundt COVID-19 pandemien

- forstår behovet for ulike disiplinar, metodar, prosessar og interessentar i forskings- og utdanningsprosjekt relatert til pandemien.

- kan bidra til utviklinga av ny tverrfagleg kunnskap, nye teoriar, metodar, tolkingar og former for dokumentasjon på feltet.

Ferdigheiter:

Studenten:

- Kan formulere komplekse problem, forskingsspørsmål og vitskapleg og/eller kunstnarleg utviklande arbeid ved å ta i bruk ulike perspektiv

- kan vere del av forsking og utdanning, og/eller kunstnarisk forsking av høg internasjonal standard

- kan handtere komplekse akademiske spørsmål og utfordre allereie etablert kunnskap og praksis i feltet

Generell kompetanse:

Studenten:

- Kan identifisere nye relevante etiske problemstillingar og utarbeide forskingsarbeid med høg vitskapleg integritet

- Kan argumentere for komplekse tverrfaglege oppgåver og prosjekt

- kan oppdage behovet for, sette i gong og utøve innovasjon innan feltet

Undervisingsperiode

Haust

Studiepoeng

4 studiepoeng (ECTS)
Undervisingsspråk
Engelsk
Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Obligatoriske arbeidskrav

- 80% oppmøteplikt på praktiske sesjonar som gruppearbeid

- godkjent gruppearbeid, inkludert presentasjon

- elektronisk kursevaluering

- godkjent essay

Vurderingsform

Presentasjon i grupper (godkjent)

Essay (3000 ord), karakter bestått/ikkje bestått

Utfyllande kursomtale

- Undervisning, inkludert Case-basert læring (CBL) og Team-basert læring (TBL), fulle dagar i ei veke. Siste dag del av internasjonal koferanse

- Gruppearbeid basert på tidlegare definerte øvingar kvar ettermiddag, og arbeid med individuelle oppgåver

Fagleg ansvar