Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Samanliknande europeiske kulturstudium

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterArray
  • EmnekodeSEK100
  • Talet på semester
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

 Haust

Emnet går første gang hausten 2019

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen 

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane innblikk i nokre sentrale omgrep, debattar og historiske oppbrott som har prega den kulturelle utviklinga i Europa, og korleis desse blir formidla først og fremst i litteratur, men også i andre kulturelle uttrykk. Aktuelle omgrep kan vere kultur, identitet, nasjon, totalitære regime, isolasjonisme/ proteksjonisme, globalisering, minoritet og kva det vil seia å vere europear.

Emnet vil belyse eit utval av epokar og oppbrottstider i europeisk historie der nye idear, omgrep og tenkjemåtar har blitt til eller skifta innhald på måtar som har påverka den kulturelle utviklinga og skjønnlitteraturen. Emnet vil ta for seg ulike epokar i et samanliknande perspektiv fiksert om nokre omgrepshistoriske utviklingslinjer. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om nokre sentrale omgrep, debattar og historiske brytningsfasar som har prega den kulturelle utviklinga i Europa
  • har kunnskap om korleis desse vert formidla i skjønnlitteraturen og andre kulturelle uttrykk

Ferdigheiter

Studenten

  • forstår nokre kulturelle fenomen og utviklingstrekk i Europa
  • kan problematisera og reflektera over nokre sentrale omgrep, debattar og historiske oppbrott som har prega den kulturelle utviklinga i Europa

Generell kompetanse

Studenten

  • kan demonstrere kunnskap og evne til fagleg drøfting i eit mindre skriftleg arbeid
  • kan analysere fagstoff og trekkje eigne slutningar
  • kan vidareutvikle sin kunnskap, ferdigheiter og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Ingen overlapp

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. 

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir undervist i sentrale delar av pensum i hovudsak i form av oversynsførelesingar. Normalt blir det gitt førelesingar to timar i veka i åtte veker. Det kan også bli aktuelt å organisere undervisninga i større blokker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein sju dagars heimeeksamen på om lag 2500 ord. 

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum skal innehalda fagleg relevant sekundærlitteratur i form av bøker og artiklar, og kan også innehalda kortare skjønnlitterære tekstar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Institutt for fremmedspråk

Emneansvarleg

Institutt for fremmedspråk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for fremmedspråk 

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no