Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Spansk innføringskurs

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeSLAN600
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk og spansk

  • Ressursar

Beskrivelse

LibroELE er eit komplett nybyrjarkurs i spansk som legg vekt på utvikling av språklege ferdigheiter gjennom eit variert utval av medier og nettbaserte læringsressursar. Kurset er nettbasert og supplert med ei todagars studiesamling i Bergen ved kursstart.

MERK: Det vil ikkje bli tilbod om undervisning i dette emnet våren 2018. Det er førebels ikkje tatt stilling til om- eller når kurset vert sett opp på nytt. Ta kontakt med Institutt for framandspråk for meir informasjon.

Målgruppe

Alle som ikkje har forkunnskapar i spansk frå vidaregåande skule eller liknande.

Undervisning

Det vert undervise gjennom nettbaserte audioførelesingar og grupper. Den nettbaserte undervisinga går føre seg via Adobe Net Connect Meeting, med mellom anne tovegs lyd, tilgang til chat og høve til å vise ulike typar presentasjonar. Nettundervisinga tek utgangspunkt i den elektroniske læreboka LibroELE, eit høyrespel (Audionovela) som vert illustrert med ein teikneserie, gramatikkøvingar, video, blogg og diskusjonsfora.

Vurdering / eksamen

Obligatoriske arbeidskrav:
Seks obligatoriske oppgåver må vere innlevert og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Alle oppgåver har eigne fristar. Dei skal leverast elektronisk innan kl. 12.00 på dato for innlevering. Alle oppgåver vil vere tilgjengelege etter at studentane har fått bekreftelse på opptak.

Eksamen:
Eksamen finn stad i Bergen. Det er ikkje høve til å avleggje ekstern eksamen, det vil seie andre stader.

Krav til datautstyr

Du må ha tilgang til datamaskin med internett og e-post. Du må òg ha hodesett, helst med USB-kontakt som gir best lydkvalitet i nettmøta.

Tilgang til Adobe Net Connect Meeting får ein via lenke. NB: Adobeprodukt er amerikanske og er difor omfatta av den amerikanske blokaden av m.a. Cuba. Ein har difor ikkje tilgang til Adobe på Cuba eller i andre land som er omfatta av amerikansk handelsblokade.

Studiefinansiering

Lånekassen gir ikkje studiestøtte til dette kurset.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Søkjarar over 25 år vert tekne opp på grunnlag av realkompetanse eller generell studiekompetanse, som ein ikkje treng dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse. Du får tilbod om studieplass på e-post få dagar etter at søknadsfristen er gått ut.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:
UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:
Institutt for framandspråk
55 58 23 73
nettspansk@uib.no

Tilgjengelege kurs

Ingen tilgjengelege kurs