Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Spansk språk og omsetjing (fjernundervisning)

Beskrivelse

Kurset i Spansk: Språk og oversettelse er eitt av sju ulike kurs som inngår i studietilbodet Nettspansk ved Universitetet i Bergen

Kurset gir eit oversyn over spansk grammatikk, fonetikk og praktisk språkbruk. Gjennom grammatikkstudiet og kurset i praktisk språkbruk skal du få kunnskap om spansk språk og øve deg opp i bruk av språket. Studiet skal gi deg eit grundig bilde av dei ulike fonetiske variantane i spansk språk, og eit innsyn i språklege forskjellar mellom spansk i Latin-Amerika og spansk i Spania.  

Mål og innhald, læringsutbyte, undervisningsomfang og organisering, obligatoriske arbeidskrav og vurderingsformer (eksamen) er omtalt i nærare detalj i emnebeskrivelsen.

Målgruppe

Kurset er eigna for alle som ønsker kompetanse i spansk språk på universitetsnivå. Studiet legg til grunn forkunnskapar i spansk på språknivå 2 frå vidaregåande skole.

Undervisning

Undervisninga er fordelt på 45 min. førelesing og 45 min. gruppeundervisning per veke.

Undervisningsplan hausten 2020:

Forelesning mandagar kl. 18.15 - 19.00
Gruppeundervisning mandagar 19.15 - 20.00

Veke 34-46. Ikkje undervisning i haustferien veke 41.

Vurdering / eksamen

Skriftleg skoleeksamen på 6 timar i byrjinga av desember, dato kjem om kort tid.

Krav til datautstyr

Du må ha tilgang til datamaskin med internett og e-post. Du må òg ha hodesett, helst med USB-kontakt som gir best lydkvalitet i nettmøta.

Tilgang til Adobe Net Connect Meeting får ein via lenke. NB: Adobeprodukt er amerikanske og er difor omfatta av den amerikanske blokaden av m.a. Cuba. Ein har difor ikkje tilgang til Adobe på Cuba eller i andre land som er omfatta av amerikansk handelsblokade.

Studiefinansiering

Godkjent for støtte frå Lånekassen.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

 Haust 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studiet omfattar grammatikk og praktisk språkbruk. Studentane skal gjennom grammatikkstudiet og kurset i praktisk språkbruk vinna kunnskap om spansk språk og øva seg opp i bruk av språket. Dei får òg innsyn i språklege skilnader mellom spansk i Latin-Amerika og spansk i Spania.

Emnet kan inngå i ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium i ein bachelorgrad ved UiB.

Læringsutbyte

Studenten skal skaffa seg eit oversyn over spansk grammatikk og praktisk språkbruk. Studentane skal vere i stand til å bruka faglege kunnskapar på praktiske og teoretiske problemstillingar. Studentane øver opp praktisk dugleik i omsetjing og får kunnskap om kva som kjenneteiknar det spanske språket i Amerika. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Forkunnskapar i spansk på språknivå 2 frå vidaregåande skole, eller spansk innføringskurs.

Studiepoengsreduksjon

SPLA101 (100 %)

Krav til studierett

Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom Kontor for etter- og videreutdanning.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir undervist i grammatikk og praktisk språkbruk gjennom nettbaserte førelesingar og gruppeundervisning med lærar. I tillegg blir det interaktive oppgåver og oppfølging via diskusjonsforum. Studentane må rekna med ein del sjølvstudium.

Undervisninga er fordelt på 45 min førelesing og 45 min gruppeundervisning pr veke, samt oppgåverettleiing. Førelesingar og gruppeundervisning går føre seg på sein ettermiddags/tidleg kveldstid (ikkje fredagar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til seks timar skriftleg eksamen heime, som tiltak mot spreiing av koronavirus. Studentane kan svara på grammatikkspørsmåla på norsk eller spansk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum inkluderer audio- og videomateriale som er tilgjengeleg på faget sine nettsider. Pensumlista gir detaljert oversyn over bøker og tilrådde oppslagsverk.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Kontakt

Kontaktinformasjon

 studieveileder@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    19.11.2020, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    05.11.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen