Spansk språk og omsetjing (fjernundervisning)
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeSLAN611
- Talet på semester1
- Språk
Spansk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Studiet omfattar grammatikk og praktisk språkbruk. Studentane skal gjennom grammatikkstudiet og kurset i praktisk språkbruk vinna kunnskap om spansk språk og øva seg opp i bruk av språket. Dei får òg innsyn i språklege skilnader mellom spansk i Latin-Amerika og spansk i Spania.
Emnet kan inngå i ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium i ein bachelorgrad ved UiB.
Læringsutbyte
Studenten skal skaffa seg eit oversyn over spansk grammatikk og praktisk språkbruk. Studentane skal vere i stand til å bruka faglege kunnskapar på praktiske og teoretiske problemstillingar. Studentane øver opp praktisk dugleik i omsetjing og får kunnskap om kva som kjenneteiknar det spanske språket i Amerika. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Forkunnskapar i spansk på språknivå 2 frå vidaregåande skole, eller spansk innføringskurs.
Studiepoengsreduksjon
SPLA101 (100 %) SPLA107 (100%)
Krav til studierett
Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom Kontor for etter- og videreutdanning.
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir undervist i grammatikk og praktisk språkbruk gjennom nettbaserte førelesingar og gruppeundervisning med lærar. I tillegg blir det interaktive oppgåver og oppfølging via diskusjonsforum. Studentane må rekna med ein del sjølvstudium.
Undervisninga er fordelt på 45 min førelesing og 45 min gruppeundervisning pr veke, samt oppgåverettleiing. Førelesingar og gruppeundervisning går føre seg på sein ettermiddags/tidleg kveldstid (ikkje fredagar).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til seks timar skriftleg eksamen heime, som tiltak mot spreiing av koronavirus. Studentane kan svara på grammatikkspørsmåla på norsk eller spansk.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Litteraturliste
Pensum inkluderer audio- og videomateriale som er tilgjengeleg på faget sine nettsider. Pensumlista gir detaljert oversyn over bøker og tilrådde oppslagsverk.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime
- Dato
- 03.03.2021, 09:00
- Varigheit
- 6 timer
- Trekkfrist
- 17.02.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen