Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Latinamerikansk historie (fjernundervising)

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSLAN612
  • Talet på semester1
  • Språk

    Spansk

  • Ressursar

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Kurset skal gi studentane oversyn over hovudtrekka i latinamerikansk historie og samfunnstilhøve frå 1492 og fram til i dag, med hovudvekt på det 19. og 20. hundreåret. Studiet kastar lys over særtrekk ved dei ulike spanskamerikanske landa, og har særleg fokus på Mexico, Argentina, Cuba og Chile.

Emnet kan inngå i ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium i ei bachelorgrad ved UiB. 

Læringsutbyte

Studentane vinn innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan fagområdet latinamerikansk historie, kultur og tradisjonar. Vidare skal studentane analysera fagstoff og trekka eigne slutningar. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Forkunnskapar i spansk på språknivå 2 frå vidaregåande skole, eller spansk innføringskurs. Studentane blir rådde til å ta eksamen i SLAN611 før dei startar på SLAN612.

Studiepoengsreduksjon

SPLA103 (100 %)

Krav til studierett

Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom Kontor for etter- og videreutdanning.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir undervist i sentrale delar av pensum gjennom nettbaserte førelesingar og gruppeundervisning med lærar. Studentane får òg tilbod om oppfølging gjennom diskusjonsforum.

Undervisninga er fordelt på 45 min førelesing og 45 min gruppeundervisning pr veke. Tidspunkt: Sein ettermiddag/tidleg kveldstid (ikkje fredagar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eit skriftleg arbeid der problemstilling/tema for oppgåva blir gitt fire veker før innlevering. Studentane skal svara på oppgåva på spansk og lengda på oppgåva skal vere om lag 2400 ord. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum inkluderer ei elektronisk lærebok, eit oversynsverk og eit lite utval kjeldetekstar. Pensumlista gir detaljert oversyn over bøker og tilrådde oppslagsverk.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.