Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Kultur og samfunn i Latin-Amerika (fjernundervisning)

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeSLAN613
  • Talet på semester1
  • SpråkSpansk
  • Ressursar

Beskrivelse

Kurset i Spansk: Kultur og samfunn i Latin-Amerika er eitt av sju ulike kurs som inngår i studietilbodet Nettspansk ved Universitetet i Bergen

Kurset gir eit generelt oversyn over særtrekk og fellestrekk ved dei spansktalande landa i Latin-Amerika, og dessutan innsyn i tema som gjeld samfunn og kultur i desse landa. Gjennom korte tverrfaglege seminarrekker skal du fordjupe deg i to utvalde tema innan kunst, kultur eller samfunnsfag.

Mål og innhald, læringsutbyte, undervisningsomfang og organisering, obligatoriske arbeidskrav og vurderingsformer (eksamen) er omtalt i nærare detalj i emnebeskrivelsen.

Målgruppe

Kurset er eigna for alle som ønsker kompetanse i spansk språk på universitetsnivå. Studiet legg til grunn forkunnskapar i spansk på språknivå 2 fra vidaregåande skole. I tillegg er det tilrådd at du har teke kursa SLAN611 og SLAN612 før du tek til på SLAN613.

Undervisning

Undervisning i sentrale delar av pensum skjer gjennom nettbaserte audio-/video-forelesningar og gruppeundervisning, og gjennom oppfølging i diskusjonsforum.

Nettforelesning/gruppeundervisning to kveldar per veke.

Vurdering / eksamen

Eksamen på SLAN613 har to delar, ei skriftleg seminaroppgåve og ein munnleg eksamen.  

Seminaroppgåva skal leverast elektronisk på nett. Du kan ta den munnlege eksamenen i Bergen ved UiB utan kostnad, men det er også mogeleg å søke om telefoneksamen, dersom du ønsker det. Informasjon om korleis du søker, krav til eksamensstaden og informasjon om kostnadar blir lagt ut på nett etter studiestart.

Krav til datautstyr

Du må ha tilgang til datamaskin med internett og e-post. Du må òg ha hodesett, helst med USB-kontakt som gir best lydkvalitet i nettmøta.

Tilgang til Adobe Net Connect Meeting får ein via lenke. NB: Adobeprodukt er amerikanske og er difor omfatta av den amerikanske blokaden av m.a. Cuba. Ein har difor ikkje tilgang til Adobe på Cuba eller i andre land som er omfatta av amerikansk handelsblokade.

Studiefinansiering

Godkjent for støtte i Lånekassen.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:
UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:
Institutt for framandspråk
55 58 23 73
nettspansk@uib.no

Tilgjengelege kurs

Ingen tilgjengelege kurs