Hjem
Utdanning

Emnebeskrivelse for SLAN614 Latinamerikansk litteratur (fjernundervising), haust 2019

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Spansk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir kunnskapar om sentrale delar av spanskamerikansk litteratur med hovudvekt på det 20. hundreåret og - etter kvart - det 21. hundreåret. Kurset skal gi studentane eit breitt oversyn over moderne spanskamerikansk litteratur.

Emnet kan inngå i ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium i ei bachelorgrad ved UiB.  

Læringsutbyte

Studiet skal gi studentane eit oversyn over hovudtendensar i spanskamerikansk litteraturhistorie frå 1492 og fram til i dag. Studentane skal arbeida med eit representativt utval tekstar frå ulike nasjonallitteraturar, sjangrar og epokar, og utvikla ei analytisk forståing for eigenarten ved tekstane. Studiet skal gi innsikt i sentrale tema og problemstillingar innan spanskamerikansk litteratur. Studentane skal analysera fagstoff og trekka eigne slutningar. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Forkunnskapar i spansk på språknivå 2 frå vidaregåande skole, eller spansk innføringskurs. Studentane blir rådde til å ta eksamen i SLAN611 og SLAN612 før dei startar på SLAN614.

Studiepoengsreduksjon

SPLA102 (15 stp)

Krav til studierett

Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom Kontor for etter- og videreutdanning.

Arbeids- og undervisningsformer

All undervisning er nettbasert.

Undervisninga går føre seg i lærarstyrte grupper, der ein samtalar om pensumtekstane på spansk. Det blir lagt vekt på både den litteraturhistoriske konteksten og på dei formelle og tematiske kvalitetane ved tekstane. I tillegg blir det organisert studentkollokvium der studentane kan diskutera oppgåver som er utarbeidde av førelesar. Studentane får òg tilbod om oppfølging gjennom diskusjonsforum.

Gruppeundervisninga med lærar er fordelt på to gonger à 45 min. pr veke. Tidspunkt: Sein ettermiddag/tidleg kveldstid (ikkje fredagar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal i løpet av semesteret levera tre kortare oppgåver (kvar på om lag 1500 ord) på spansk som blir retta og kommenterte av førelesar.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Studentane vel ut to av dei obligatoriske oppgåvene nemnde under "obligatoriske arbeidskrav", arbeider vidare med dei og leverer dei i ei mappe. Endeleg omfang skal være om lag 2400 ord for kvar av oppgåvene. Dei to oppgåvene tel båe 50 % av endeleg karakter. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum er sett saman av eit representativt utval romanar, noveller, og dikt frå tida etter at Latin-Amerika vart sjølvstendig, med hovudvekt på det 20. hundreåret. I tillegg kjem litteraturhistoriske tekstar som skal gi eit oversyn over hovudtendensane i spanskamerikansk litteratur. Det er òg utarbeidd eit omfattande støttemateriale i form av nettressursar for emnet.

Tekstutvalet har ei nokolunde lik fordeling mellom kvinnelege og mannlege forfattarar. Pensumlista gir detaljert oversyn over bøker og tilrådde oppslagsverk.  

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no