Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Fordjupning i spansk språk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSLAN640
  • Talet på semester1
  • SpråkSpansk
  • Ressursar

Beskrivelse

Spansk: Fordjupning i spansk språk er eitt av tre fordjupingskurs som inngår i studietilbodet Nettspansk ved Universitetet i Bergen

Kurset inneheld tre delar: spansk grammatikk med vekt på syntaks, fonetikk og omsetjing. Det blir lagt særleg vekt på latinamerikansk spansk og kontrastive aspekt mellom spansk og norsk.

Målgruppe

Du som har spansk tilsvarande 60 studiepoeng frå før, og som ynskjer ytterlegare fordjupning i språket. Emnet kan etter søknad inngå i ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudier i ein bachelorgrad ved Universitetet i Bergen, og er tilrådd som eitt av emna i spansk på til saman 60 studiepoeng for å kvalifisere til opptak til PPU-studiet ved Universitetet i Bergen.

Undervisning

Undervisinga vert gjeve som seminar over internett i 8 veker, med 2 undervisingstimar pr veke. Undervisinga føregår på sein ettermiddag/tidleg kveldstid, og undervisingsspråket er spansk. Den nettbaserte undervisinga går føre seg via Adobe Net Connect Meeting, med mellom anna tovegs lyd, tilgang til chat og høve til å vise ulike typar presentasjonar.

Undervisningstider våren 2020:

Mandagar og tirsdagar kl. 15.15 - 19.00, frå og med veke 5.

Nettundervisninga vert supplert med ei todagars obligatorisk studiesamling i Bergen ved studiestart: 23. - 24. januar 2020

I løpet av semesteret skal du dessutan skrive tre oppgåveutkast: eit i fonetikk, eit i grammatikk og eit i omsetjing, som du til fastsette fristar skal levera til lærarane via Mitt UiB for kommentarar.

Vurdering / eksamen

Du skal arbeida vidare med to av utkasta nemnt over og levera endeleg versjon av desse oppgåvene i ei endeleg mappe på slutten av semesteret. Denne mappa utgjer vurderingsgrunnlaget for emnet. Saman med oppgåvene skal du skriva eit refleksjonsnotat som gjer greie for prosessen med oppgåvene. Refleksjonsnotatet skal vera på om lag 2400 ord og skal skrivast på spansk. Mappa får ein samla karakter som blir sett på grunnlag av både innhald og språk.

Innleveringsfrist: 1. juni 2020

Krav til datautstyr

Du må ha tilgang til datamaskin med hodesett, helst med USB-kontakt som gir best lydkvalitet i nettmøta. Tilgang til Adobe Net Connect Meeting får du ved studiestart.

NB: Adobeprodukt er amerikanske og er difor omfatta av den amerikanske blokaden av m.a. Cuba. Du har difor ikkje tilgang til Adobe Connect dersom du har tenkt å opphalde deg på Cuba eller i andre land som er omfatta av amerikansk handelsblokade.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:
UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald eller organisering:
Institutt for framandspråk
Ingvild Nilssen
55 58 23 73
nettspansk@uib.no

Tilgjengelege kurs

Vår 2020
Pris: NOK 12000
Søknadsfrist: 01.12.2019