Hjem
Utdanning

Emnebeskrivelse for SLAN640 Fordjupning i spansk språk, haust 2020

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Spansk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen/Internett

Mål og innhald

www.uib.no/emne/SLAN640www.uib.no/emne/SLAN640

SLAN640 er eit fordjupingsemne i spansk språk på 15 studiepoeng. Emnet inneheld tre delar: spansk grammatikk med vekt på syntaks, fonetikk og omsetjing. Det blir lagt særleg vekt på latinamerikansk spansk og kontrastive aspekt mellom spansk og norsk.

SLAN640 er tilrådd som eitt av emna i spansk på til saman 60 studiepoeng for å kvalifisere til opptak til PPU-studiet ved Universitetet i Bergen.

Læringsutbyte

Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis.

Emnet skal leggja til rette for fordjuping i:

A) Grammatikk med særleg vekt på latinamerikanske variantar (morfologi, syntaks).

B) Fonetikk med særleg vekt på latinamerikanske variantar. Fonetisk teori og metode.

C) Skilnader mellom spansk og norsk språk.

Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.
Emnet kan søkjast innpassa i ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium i ei bachelorgrad ved UiB.

Tilrådde forkunnskapar

SLAN640 baserer seg på spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium/Nettspansk. Undervisninga byggjer vidare på SLAN611.

Studiepoengsreduksjon

SPLA105 (5 stp), SPLA201/SPLA251 (10 stp)

Krav til studierett

Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom Kontor for etter- og videreutdanning.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som seminar over Internett, og går over åtte veker, med to undervisningstimar i veka. Det er ei obligatorisk samling på to dagar i Bergen, ved oppstart av kurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å møta på oppstartssamlinga i Bergen.

I løpet av semesteret skal studentane skriva tre oppgåveutkast; eit i fonetikk, eit i grammatikk og eit i omsetjing, som dei til fastsette fristar skal levera til lærarane via Mitt UiB eller KARK for kommentarar.

Vurderingsformer

Studentane skal arbeida vidare med to av utkasta nemnte under Obligatoriske arbeidskrav og levera endeleg versjon av desse oppgåvene i ei endeleg mappe på slutten av semesteret. Denne mappa utgjer vurderingsgrunnlaget for emnet. Saman med oppgåvene skal studentane skriva eit refleksjonsnotat som gjer greie for prosessen med oppgåvene. Refleksjonsnotatet skal vera på om lag 2400 ord og skal skrivast på spansk. Mappa får ein samla karakter som blir sett på grunnlag av både innhald og språk. Kvart av dei to utkasta tel 40% og refleksjonsnotatet tel 20% av den samla karakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum inneheld lærebøker i grammatikk, fonetikk og spanskamerikansk språk, samt eit utval artiklar om omsetjing og kontrastive aspekt.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no