Fordjupning i latinamerikansk litteratur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

SLAN641 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk litteratur på 15 studiepoeng. Tema for undervisninga vil variera frå semester til semester.

Læringsutbyte

Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit tema frå latinamerikansk litteratur, t.d. ein periode, ein sjanger, eit tema, ein nasjonallitteratur eller liknande. Ein kan henta temaet i tekstutval frå 1492 og fram til vår eiga tid.

Studentane skal ha brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innafor eit avgrensa område. Dei skal kunna arbeida sjølvstendig med problemstillingar på grunnlag av faglege kunnskapar.

Studentane skal kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte.

Emnet kan søkjast innpassa i ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium i ein bachelorgrad ved UiB. Emnet stettar kravet til sjølvstendig arbeid som må inngå i ei bachelorgrad.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust (annakvart haustsemester frå 2011)

Undervisningsstad

Bergen/Internett
Tilrådde forkunnskapar
SLAN641 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium/Nettspansk. Undervisninga byggjer vidare på SLAN614.
Studiepoengsreduksjon
SPLA202/SPLA252 (15 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom Kontor for etter- og videreutdanning.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er organisert som seminar over Internett, og går over åtte veker, med to undervisningstimar i veka. Det er ei obligatorisk samling på to dagar i Bergen, ved oppstart av kurset.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å møta på oppstartssamlinga i Bergen.

Den rettleidde oppgåva som blir omtalt under Vurderingsformer skal sendast inn til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halda seg informerte om desse. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtalt tidspunkt. Det blir sett opp to rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar. Rettleiing blir gitt per telefon eller over Internett.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjente.

Vurderingsformer

Ei rettleidd oppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vera på om lag 12 standardsider (dobbel lineavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Munnleg eksamen er ei samtale på spansk om pensum, der òg oppgåva kan trekkjast inn.

Den rettleidde oppgåva og den munnlege delen av eksamen tel båe 50 prosent. Stryk i ein av desse delane fører til stryk i SLAN641. Båe eksamensdelane må vera greidde i same semester. Det blir høve til å levera eksamensoppgåve og gå opp til munnleg eksamen annakvart haustsemester (frå 2011), i tillegg til påfølgjande undervisningsfrie semester.

Studentar som tek eksamen i det undervisningsfrie semesteret har ikkje rett på rettleiing.

Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Litteraturliste
Pensum (om lag 800 sider) skal innehalda utvalte skjønnlitterære verk, og dessutan litteraturvitskaplege og -historiske tekstar knytte til desse. Dersom ein har følgt undervisninga i emnet eit tidlegare semester, kan ein søkja om å legge opp pensum tilsvarande dette semesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.