Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Examen facultatum - invitasjon til sosiologi

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:

Emnet er eit Examen facultatum-emne. Det har som mål å førebu studentane på å studere sosiologi. Dei skal bli kjende med hovudliner i tenkjemåtane og praksisen som kjenneteiknar faget og få ei grunnleggande forståing av sosiologiske tilnærmingar til sosiale problem og endringsprosessar. Emnet skal gje dei kunnskap om sentrale sosiologiske tema, og eit inntrykk av korleis og på kva felt faget blir brukt i praksis. Emnet skal vise kva relevans sosiologien har for vurdering av aktuelle samfunnsspørsmål og vere ei første førebuing til deltaking i diskusjon og gransking av slike spørsmål.

Emnet skal òg gjere studentane kjende med regler for akademisk skriving, og gje dei høve til å utvikle eigne ferdigheter i akademisk skriving.

Innhald:

Studiet tar opp sentrale sosiologiske omgrep og kastar lys over grunntrekk ved sosiale fellesskap, frå smågrupper til storsamfunn. Ein tar for seg tema som sosiologifagets historie, sosial endring, globalisering, organiseringa av kvardagslivet, og forskjellige former for sosial ulikskap. Studiet viser òg korleis slike tema kan sjåast frå ulike synsstader. Dessutan tar det for seg samfunnsområde som økonomi og arbeidsliv, politikk og velferdsstat, utdanning, religion og familie.

Læringsutbyte

En student som har fullført emnet skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om sosiologiske perspektiv på samfunnet
  • forstår sentrale omgrep som til dømes sosialisering og institusjonalisering
  • har oversikt over korleis sosiologisk kunnskap blir brukt i samfunnet og kva sosiologar jobbar med

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for og drøfte sosiologiske perspektiv på tema som sosial endring og sosial ulikskap
  • kan skrive med korrekt kjeldebruk
  • kan omarbeide eigne tekster etter å ha fått kommentarar
  • kan presentere fagleg baserte argument i ein munnleg diskusjon

Generell kompetanse

Studenten har

  • har forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapleg tenkjemåte
  • har grunnleggjande ferdigheter til å skaffe seg ny sosiologisk fagkunnskap
  • forstår kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir debattert
  • kan drøfte faglige problemstillingar i grupper
  • kan bruke ulike teoretiske tilnærmingar og omgrep for å forstå og diskutere konkret samfunnsliv

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesningar og seminarundervisning i mindre grupper, og legg til rette for studentaktivitet på fleire måtar. Til dømes blir studentane delt i mindre grupper der dei presenterer/diskuterer spørsmål knytt til pensum og førelesingar under leiing av masterstudent eller tilsett lærar. Studentane arbeider og med ei obligatorisk oppgåve, der dei får kommentarar frå seminarleiaren.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering av oppgåve (2000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for skuleeksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Kvart år

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet v/ Sosiologisk. institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    21.11.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    07.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen