Examen facultatum - invitasjon til sosiologi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeSOS100B
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Mål:
Emnet er eit Examen facultatum-emne. Det har som mål å førebu studentane på å studere sosiologi. Dei skal bli kjende med hovudliner i tenkjemåtane og praksisen som kjenneteiknar faget og få ei grunnleggande forståing av sosiologiske tilnærmingar til sosiale problem og endringsprosessar. Emnet skal gje dei kunnskap om sentrale sosiologiske tema, og eit inntrykk av korleis og på kva felt faget blir brukt i praksis. Emnet skal vise kva relevans sosiologien har for vurdering av aktuelle samfunnsspørsmål og vere ei første førebuing til deltaking i diskusjon og gransking av slike spørsmål.
Emnet skal òg gjere studentane kjende med regler for akademisk skriving, og gje dei høve til å utvikle eigne ferdigheter i akademisk skriving.
Innhald:
Studiet tar opp sentrale sosiologiske omgrep og kastar lys over grunntrekk ved sosiale fellesskap, frå smågrupper til storsamfunn. Ein tar for seg tema som sosiologifagets historie, sosial endring, globalisering, organiseringa av kvardagslivet, og forskjellige former for sosial ulikskap. Studiet viser òg korleis slike tema kan sjåast frå ulike synsstader. Dessutan tar det for seg samfunnsområde som økonomi og arbeidsliv, politikk og velferdsstat, utdanning, religion og familie.
Læringsutbyte
En student som har fullført emnet skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om sosiologiske perspektiv på samfunnet
- forstår sentrale omgrep som til dømes sosialisering og institusjonalisering
- har oversikt over korleis sosiologisk kunnskap blir brukt i samfunnet og kva sosiologar jobbar med
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for og drøfte sosiologiske perspektiv på tema som sosial endring og sosial ulikskap
- kan skrive med korrekt kjeldebruk
- kan omarbeide eigne tekster etter å ha fått kommentarar
- kan presentere fagleg baserte argument i ein munnleg diskusjon
Generell kompetanse
Studenten har
- har forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapleg tenkjemåte
- har grunnleggjande ferdigheter til å skaffe seg ny sosiologisk fagkunnskap
- forstår kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir debattert
- kan drøfte faglige problemstillingar i grupper
- kan bruke ulike teoretiske tilnærmingar og omgrep for å forstå og diskutere konkret samfunnsliv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
- SOS100 (10 sp)
- SOS100A (10 sp)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga omfattar førelesningar og seminarundervisning i mindre grupper, og legg til rette for studentaktivitet på fleire måtar. Til dømes blir studentane delt i mindre grupper der dei presenterer/diskuterer spørsmål knytt til pensum og førelesingar under leiing av masterstudent eller tilsett lærar. Studentane arbeider og med ei obligatorisk oppgåve, der dei får kommentarar frå seminarleiaren.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk innlevering av oppgåve (2000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for skuleeksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
4 timars skuleeksamen
Oppdatert: Skuleeksamen er endra til 8 timar heimeeksamen som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk. institutt har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 19.11.2021, 09:00
- Innleveringsfrist
- 19.11.2021, 17:00
- Trekkfrist
- 05.11.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen