Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Klassisk og moderne sosiologisk teori

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSOS101
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet skal gje innsikt i sentrale bidrag i klassisk og moderne sosiologisk teori. Ein studerer bidrag frå klassikarar og seinare bidragsytarar. Det vil kunna variera frå semester til semester kva for bidragsytarar eller teoretiske perspektiv som vert teke opp og kor stor vekt det vert lagt på dei. Ein blir kjend med korleis individ, samfunnsstrukturar og tilhøvet mellom sosial handling og sosial orden blir handsama innanfor dei ulike perspektiva. Er det det sosiale systemet eller dei sosiale handlingane som står i sentrum, og kva er det som kjenneteiknar teoriane om sosial handling og sosiale system? Dei ulike teoribidraga vert presentert gjennom eit utval av sosiologiske originaltekstar som tar opp ei rekke sentrale sosiologiske tema. Døme er makt og legitimitet, klasse og sosial ulikskap, integrasjon, kjønn, urbanitet, sosial samhandling, og utviklinga av sjølvet. Målet er at studentane skal lære å bruke kunnskapen om ulike perspektiv på slike tema til å drøfte aktuelle samfunnsspørsmål.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskapar

Etter avslutta emne kan studenten

  • gjere greie for ein brei krets av klassiske og moderne bidrag i sosiologien og ulike teoretiske perspektiv knytt til tilhøvet mellom handling og orden
  • gjere greie for og skilje mellom kollektivistiske og individualistiske forklaringar av samfunnsorden og mellom rasjonelle og ikkje-rasjonelle forklaringar av sosial handling.
  • plassere teoriane i høve til samfunnskontekst og historisk tid, og gjere greie for korleis nyare teoriar bygger på, men også skil seg frå, teoriar som vart utvikla tidlegare 

Ferdigheiter

 Etter avslutta emne kan studenten 

  • svare på problemstillingar på ein analytisk og drøftande måte med grunnlag i vitskaplege tekster
  • kunne bruke ulike tilnærmingar og omgrep for å forstå og diskutere konkret samfunnsliv
  • skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte kjeldetilvisingar

Generell kompetanse

 Etter avslutta emne har studenten

  • forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapleg tenkjemåte
  • forståing av kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir debattert 
  • generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SOS100A Examen facultatum - invitasjon til sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Examen facultatum - invitasjon til sosiologi

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga inneheld forelesingar og seminar. I seminara får studentane trening i munnleg drøfting av faglege problemstillingar.

Talet på førelesingstimar: 20-24

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve (2500 ord, +/- 10%) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

6 timars skriftleg skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    03.10.2018, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    19.09.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted