Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Samfunnsstrukturer i endring

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje ein introduksjon til sentrale omgrep og teoriar om dei økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle utviklingstrekka i det moderne samfunnet. Klassiske sosiologiske tolkingar og nyare sosiologiske bidrag i analysen av det moderne vert relaterte til studiar av nasjonal og global samfunnsutvikling. Linjene vert trekte tilbake til framveksten av kapitalismen og tidleg modernisering, med opplysing, moderne statsdanningar, kolonisering, tidleg industrialisering og danninga av arbeidarklassen. Linjene vert ført vidare gjennom den organiserte moderniteten i det 20. hundreåret med sine former for fordisme og institusjonalisering av klassekonfliktar. Framveksten av service- eller middelklassen, kvinnerørsler, etableringa av velferdsstatane, og imperialisme og dekolonialisering som skjedde i det same hundreåret vert også tatt opp. Introduksjonen vert ført fram til utviklinga av desorganisert kapitalisme og postmodernitet i dei siste tiåra, med ny-liberalisme og individualisering. Dei omfattande og komplekse globaliseringsprosessane i vår tid vert gitt ein særskild plass. Kurset formidlar ulike perspektiv på sosial endring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • nytte sosiologiske omgrep i utgreiing av:
    • ulike historiske former for industrialisering og kapitalisme
    • kolonisering og imperialisme
    • klasseprosessar og endringar i kvinnene si stilling i samfunnet
    • den moderne staten sin karakter
    • utvikling av kulturelle endringsprosessar i det moderne
    • globaliseringsprosessane i vår tid
  • knytte desse generelle trekka ved moderniteten si historie til utviklingstrekk ved den moderne norske samfunnsformasjonen

Ferdigheiter

Studenten kan

  • skilje mellom økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle dimensjonar ved moderniteten si historie og anvende sosiologiske teoriar og omgrep for å drøfte sentrale utviklingstrekk ved denne historia og ved globaliseringa i vår tid
  • anvende generelle sosiologiske omgrep og teoriar om historia til moderniteten for å drøfte utviklingstrekk ved den norske samfunnsformasjonen
  • finne og anvende faglitteratur og anna kjeldegrunnlag for drøfting av ei oppgitt problemstilling
  • anvende kjelder på korrekt måte i skriftlig framstilling

Tilrådde forkunnskapar

SOS100A Examen facultatum - invitasjon til sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Examen facultatum - invitasjon til sosiologi

Studiepoengsreduksjon

SOSL103 (10sp), SOS103-L (10 sp)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Talet på førelesingstimar: 20-24

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve (2500 ord, +/- 10%) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

7 dagars heimeeksamen der det skal skrivast ei oppgåve på 2.500-3.000 ord

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Institutt

Sosiologisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    04.12.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    11.12.2019, 12:00
    Trekkfrist
    27.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen