Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Samfunnsstrukturer i endring

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeSOS103-L
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje ein introduksjon til sentrale omgrep og teoriar om dei økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle utviklingstrekka i det moderne samfunnet. Klassiske sosiologiske tolkingar og nyare sosiologiske bidrag i analysen av det moderne vert relaterte til studiar av nasjonal og global samfunnsutvikling. Linjene vert trekte tilbake til framveksten av kapitalismen og den tidlege moderniseringa av det vestlege samfunnet, med opplysing, moderne statsdanningar, tidleg industrialisering og konstitueringa av arbeidarklassen. Dei vert ført vidare gjennom det 20. hundreårets organiserte modernitet, med sine former for fordisme, institusjonalisering av klassekonfliktar, med framveksten av service- eller middelklassen, kvinnerørsler og etableringa av velferdsstatane. Introduksjonen vert ført fram til utviklinga av desorganisert kapitalisme og postmodernitet i dei siste tiåra, med mellom anna liberalisering, deregulering og individualisering. Dei omfattande og komplekse globaliseringsprosessane i vår tid vert gitt ein særskilt plass. Kurset formidlar ulike perspektiv på sosial endring.

Læringsutbyte

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne nytte sosiologiske omgrep i utgreiing og drøfting av ulike historiske former for

  • industrialisering og kapitalisme
  • klasseprosessar og endringar i kvinnene si stilling i samfunnet
  • den moderne staten sin karakter og utvikling
  • kulturelle endringsprosessar i det moderne
  • globaliseringsprosessane i vår tid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på lektorutdanning på UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og seminar

Talet på førelesingstimar: 16-20

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve (2000 ord, +/- 10%) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

  • 4 dagars heimeeksamen der det skal skrivast ei oppgåve på 2.000-2.500 ord
  • Justerande munnleg eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

10 studiepoeng overlapp med SOS103 Samfunnsstrukturer i endring.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Institutt

Sosiologisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon


Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@sos.uib.no

Tlf 55 58 90 10