Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Arbeid under kapitalismen

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeSOS105
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Undervisningssemester

Vil variere

Mål og innhald

SOS105 er et fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Emnet gjer ein introduksjon til sentrale problemstillingar, omgrep og sosiologiske perspektiv i studiet av arbeid under kapitalismen, dvs. i studiet av arbeid både som lønsarbeid, slik det er strukturert av arbeidsmarknaden, og som konkret virksomheit knytt til arbeidsprosessar i føretak som produserer varer og tenester. Introduksjonen blir knytt til nyare sosiologisk forsking og aktuell debatt om arbeid som sosiologisk nøkkelkategori i det moderne "arbeidssamfunnet", om arbeidet si tyding for identitetsutvikling, om tendensane til individualisering og oppløysing av arbeidslivet som grunnlag for sosial tilhøyring og solidaritet, om endra kunnskapsbehov i arbeidet, om endringar i yrkes- og kvalifikasjonsstrukturar, om destandardisering og deregulering av arbeidsmarknaden, om fagorganisasjonar si stilling, om endringar i bedriftsoragnisasjonar og om nye former og strategiar for organisering av arbeid, om påverking av globale prosessar på arbeidsmarknad og arbeidsorganisasjon.

Det vil fra semester til semester kunne legges mer eller mindre vekt på ulike deler av disse problemområdene.

Læringsutbyte

En student som har fullført emnet skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

  • gjere greie for sosiologiske omgrep og debatt om
    • arbeidet si subjektivering/meining
    • ulike modeller for organisering og leiing av arbeidet
    • utviklingstrekk ved yrker og yrkesdanning
    • arbeidstakarane si kollektive organisering
    • arbeidslivet si interesseregulering
  • gjere greie for utviklingstrekk innanfor desse problemområda i lys av endringsprosessar under kapitalismen dei siste tiåra

Ferdigheiter

  • Studenten kan bruke sosiologiske omgrep om arbeid under kapitalismen for å drøfte den konkrete utviklinga i ulike delar av arbeidslivet

Tilrådde forkunnskapar

SOS100A Examen facultatum - invitasjon til sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Examen facultatum - invitasjon til sosiologi

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

20-24 timer førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

6 timars skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Undervisningssemester og det påfølgande semesteret (Eksamen påfølgande semester for alle kandidater med gyldig obligatorisk studiekrav)

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emner på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no