Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Arbeid under kapitalismen

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeSOS105-L
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vil variere

Mål og innhald

SOS105-L er et fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Emnet gjer ein introduksjon til sentrale problemstillingar, omgrep og sosiologiske perspektiv i studiet av arbeid under kapitalismen, dvs. i studiet av arbeid både som lønsarbeid, slik det er strukturert av arbeidsmarknaden, og som konkret virksomheit knytt til arbeidsprosessar i føretak som produserer varer og tenester. Introduksjonen blir knytt til nyare sosiologisk forsking og aktuell debatt om arbeid som sosiologisk nøkkelkategori i det moderne "arbeidssamfunnet", om arbeidet si tyding for identitetsutvikling, om tendensane til individualisering og oppløysing av arbeidslivet som grunnlag for sosial tilhøyring og solidaritet, om endra kunnskapsbehov i arbeidet, om endringar i yrkes- og kvalifikasjonsstrukturar, om destandardisering og deregulering av arbeidsmarknaden, om fagorganisasjonar si stilling, om endringar i bedriftsoragnisasjonar og om nye former og strategiar for organisering av arbeid, om påverking av globale prosessar på arbeidsmarknad og arbeidsorganisasjon.

Det vil fra semester til semester kunne legges mer eller mindre vekt på ulike deler av disse problemområdene.

Læringsutbyte

En student som har fullført emnet skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

  • gjere greie for sosiologiske omgrep og debatt om
    • arbeidet si subjektivering/meining
    • ulike modeller for organisering og leiing av arbeidet
    • utviklingstrekk ved yrker og yrkesdanning
    • arbeidstakarane si kollektive organisering
    • arbeidslivet si interesseregulering
  • gjere greie for utviklingstrekk innanfor desse problemområda i lys av endringsprosessar under kapitalismen dei siste tiåra

Ferdigheiter

  • Studenten kan bruke sosiologiske omgrep om arbeid under kapitalismen for å drøfte den konkrete utviklinga i ulike delar av arbeidslivet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SOS100A Examen facultatum - invitasjon til sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Examen facultatum - invitasjon til sosiologi

Studiepoengsreduksjon

SOS105 (10 stp)

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på lektorutdanning på UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

16-20 timer førelesingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre oppgåver, kvar oppgåve skal være på 1000 ord. Det vil bli gitt kommentarar på oppgåvene og dei må godkjennast for at studenten kan ta eksamen.

Oppgåvene leverast til slutt i ei mappe og utgjer mappevurderingsdelen av eksamen.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

  • Mappevurdering av tre oppgåver
  • Justerande munnleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Alle

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Same som undervisningssemester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.