Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Økonomisk sosiologi

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeSOS106
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vil variere 

Mål og innhald

SOS106 er eit fordjupingsemne knytt til eit av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valde emnet. Ei slik fordjuping vil også gi eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Det blir gitt ein oversikt over sosiologiske perspektiv på høvet mellom økonomi og samfunn. Nokre tema blir særlig grundig handsama. Kva for tema dette er, kan variere frå semester til semester, men vanlegvis ser ein på dei følgjande:

  • Sosiologiske teoriar om dei sentrale institusjonane i det kapitalistiske økonomiske systemet generelt og om marknader spesielt
  • Rolla sosiale nettverk spelar i det kapitalistiske økonomiske systemet
  • Høvet mellom sosiologiske og samfunnsøkonomiske teoriar om økonomien
  • Vekst, kriser og andre utviklingstrekk i norsk og internasjonal økonomi, med særleg vekt på korleis ein kan forstå endringane som har skjedd dei seinare åra

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Etter å ha avslutta emnet kan studenten

  • gjere greie for kva som kjenneteiknar det kapitalistiske økonomiske systemet og korleis det har blitt til
  • gjere greie for dei mest generelle trekka ved dei vanlege (nyklassiske) økonomiske teoriane om marknader, velferd og styring av samfunnsøkonomien, samt kritikken som er retta mot desse teoriane
  • gjere greie for ulike teoriar økonomiske sosiologar har om høve mellom økonomiske aktørar, inkludert teoriar om marknader og om nettverk
  • gjere greie for kjenneteikn ved og teoriar om dei seinare åras utvikling i norsk og internasjonal økonomi, som globalisering, ny-liberalisme, og økonomiske kriser av ulike slag

Generell kompetanse

Etter å ha avslutta emnet er studenten i stand til å

  • finne fram til og presentere informasjon om samfunnsøkonomiske høve, og delta i diskusjonar om slike høver med fagleg grunngjevne argument

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Talet på førelesingstimar: 20-24

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Obligatorisk innlevering av oppgåve (2000 ord, +/- 10 %) og skriftlege kommentarar til to medstudentar sine oppgåver.

2. Innsamling og 5-10 minutts presentasjon av informasjon om eit oppgitt tema.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

6 timars skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Undervisningssemester og det påfølgande semesteret (Eksamen påfølgande semester for alle kandidater med gyldig obligatorisk studiekrav)

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emner på bachelor- og masternivå i sosiologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no