Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Utdanning og samfunn

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeSOS108
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vil variere

Mål og innhald

www.uib.no/nb/emne/SOS108

SOS108 er eit fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda i Sosiologisk institutt si forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal verte kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innan det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Emnet gir kunnskapar om sentrale problemstillingar, omgrep og sosiologiske perspektiv i studiet av forholdet mellom utdanning og samfunn, med døme frå norske og internasjonale tilhøve. Det visar kva som er den historiske samanhengen mellom skulen og samfunnet sine moderniseringsprosessar i fleire land, og kvifor utdanningssystemet veks. Emnet gir også konkret innsikt i korleis ulike land har bygd opp særeigne utdanningssystem, korleis dei verkar, og kva som skil ulike typar av utdanning. Soleis får studenten vita kva krav som vert stilt til skulen sitt innhald og kva som vert lært i skulen, på ulike nivå og i ulike land. Ein viktig lærdom i kurset er å kjenna utdanningssosiologien sine svar på kva som er grunnlaget for sosiale ulikskapar i skulen og kor stabile slike ulikskapar kan vera.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Etter avslutta emne har studenten kunnskap om:

  • sentrale problemstillingar, omgrep og sosiologiske perspektiv i studiet av forholdet mellom utdanning og samfunn, med døme frå Norge og andre land
  • den historiske samanhengen mellom skulen og samfunnet sine moderniseringsprosessar i fleire land
  • kvifor utdanningssystemet veks
  • korleis ulike land har bygd opp særeigne utdanningssystem, korleis dei verkar, og kva som skil ulike typar av utdanning
  • kva krav som vert stilt til skulen sitt innhald og kva som vert lært i skulen, på ulike nivå og i ulike land
  • utdanningssosiologien sine svar på kva som er grunnlaget for sosiale ulikskapar i skulen og kor stabile slike ulikskapar kan vera

Ferdigheiter

 Etter avslutta emne kan studenten

  • svare på problemstillingar om utdanning og samfunn på ein analytisk og drøftande måte
  • sjå skulen som institusjon, arena for sosialisering, og formidlar av kultur i samfunnet under ulike historiske vilkår, både i utviklingsland og i dei industrialiserte landa
  • analysere utdanninga si rolle som seleksjonsmekanisme i samfunnet og korleis ho bidrar til "ulikskapens reproduksjon"
  • forstå korleis ulike skulesystem kan fremje ulike former for sosialisering og ulike haldningar til kunnskap hjå elevar i ulike land
  • skaffa seg informasjon om utdanning i ulike samfunn, og på eit slikt grunnlag vurdere korleis dei ulike nivåa og skuletypane heng saman og legg til rette for ulike studieløp og karrierebanar
  • forstå nasjonale utdanningssystem som særeigne strukturar med sine eigne verkemåtar

Generell kompetanse

Etter avslutta emne

  • kan studenten bruke eit internasjonalt og komparativt perspektiv i vurderingar av utdanning
  • har studenten generell kompetanse i å analysera sosiale institusjonar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SOS100A Examen facultatum - invitasjon til sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Examen facultatum - invitasjon til sosiologi

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesninger

20-24 førelesningstimar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering av oppgåve (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

6 timars skuleeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Undervisningssemester og det påfølgande semesteret (Eksamen påfølgande semester for alle kandidater med gyldig obligatorisk studiekrav)

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.