Utdanning og samfunn
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- SOS108
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
SOS108 er eit fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda i Sosiologisk institutt si forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal verte kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innan det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.
Emnet gir kunnskapar om sentrale problemstillingar, omgrep og sosiologiske perspektiv i studiet av forholdet mellom utdanning og samfunn, med døme frå norske og internasjonale tilhøve. Det visar kva som er den historiske samanhengen mellom skulen og samfunnet sine moderniseringsprosessar i fleire land, og kvifor utdanningssystemet veks. Emnet gir også konkret innsikt i korleis ulike land har bygd opp særeigne utdanningssystem, korleis dei verkar, og kva som skil ulike typar av utdanning. Soleis får studenten vita kva krav som vert stilt til skulen sitt innhald og kva som vert lært i skulen, på ulike nivå og i ulike land. Ein viktig lærdom i kurset er å kjenna utdanningssosiologien sine svar på kva som er grunnlaget for sosiale ulikskapar i skulen og kor stabile slike ulikskapar kan vera.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Etter avslutta emne har studenten kunnskap om:
- sentrale problemstillingar, omgrep og sosiologiske perspektiv i studiet av forholdet mellom utdanning og samfunn, med døme frå Norge og andre land
- den historiske samanhengen mellom skulen og samfunnet sine moderniseringsprosessar i fleire land
- kvifor utdanningssystemet veks
- korleis ulike land har bygd opp særeigne utdanningssystem, korleis dei verkar, og kva som skil ulike typar av utdanning
- kva krav som vert stilt til skulen sitt innhald og kva som vert lært i skulen, på ulike nivå og i ulike land
- utdanningssosiologien sine svar på kva som er grunnlaget for sosiale ulikskapar i skulen og kor stabile slike ulikskapar kan vera
Ferdigheiter
Etter avslutta emne kan studenten
- svare på problemstillingar om utdanning og samfunn på ein analytisk og drøftande måte
- sjå skulen som institusjon, arena for sosialisering, og formidlar av kultur i samfunnet under ulike historiske vilkår, både i utviklingsland og i dei industrialiserte landa
- analysere utdanninga si rolle som seleksjonsmekanisme i samfunnet og korleis ho bidrar til "ulikskapens reproduksjon"
- forstå korleis ulike skulesystem kan fremje ulike former for sosialisering og ulike haldningar til kunnskap hjå elevar i ulike land
- skaffa seg informasjon om utdanning i ulike samfunn, og på eit slikt grunnlag vurdere korleis dei ulike nivåa og skuletypane heng saman og legg til rette for ulike studieløp og karrierebanar
- forstå nasjonale utdanningssystem som særeigne strukturar med sine eigne verkemåtar
Generell kompetanse
Etter avslutta emne
- kan studenten bruke eit internasjonalt og komparativt perspektiv i vurderingar av utdanning
- har studenten generell kompetanse i å analysera sosiale institusjonar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesninger
20-24 førelesningstimar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk innlevering av oppgåve (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
6 timars skuleeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.