Familien i endring
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeSOS111
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Undervisningssemester
Vil variere - vår/haust
Mål og innhald
SOS111 er eit fordjupingsemne knytt til eit av dei sentrale problemområda innan Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Velferd, ulikskap og livsløp. Målsetjinga med fordjupingsemne er at studentane skal verte kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innafor det valde emnet. Ei slik fordjuping vil og gje eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.
Vidare er målsetjinga med SOS111 å skape auka forståing for mangfaldet og variasjonane i familieliv og relasjonen mellom kjønna, i høve til økonomiske, kulturelle og geografiske mønster. Emnet held seg vesentlig til endringar i familien i norsk og vestleg kontekst, men desse vert sett i samanheng med korleis familieinstitusjonen har endra seg historisk og globalt.
Emnet tar utgangspunkt i korleis innhaldet i familieomgrepet har endra seg, og rettar merksemda mot endringar i familien i det 20. og 21.århundre. Det tar særleg opp dei store endringane etter 1970 i Norge og andre vestlige land. Stikkord i denne samanhengen er mellom anna: kvinners utmarsj i yrkeslivet, auking i fødslar utanfor ekteskap, nye samlivsformer (heterofilt sambuarskap og partnarskap mellom homofile), auka i skilsmisser, endringar i barn sitt liv endringar i arbeidsdelinga mellom kjønna når det gjeld forsørging og omsorg, transnasjonale familiar og endringar i fertiliteten. Emnet gir innføring i ulike sosiologiske teoriar og omgrep for å forstå desse endringane, og nyare sosiologisk forsking på området.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Etter å ha avslutta emnet kan studenten:
- gjere greie for sentrale endringar i familieinstitusjonen og familieliv i det 20. og 21.århundre
- gjere greie for teoritradisjonar i sosiologien på området, og sette endringane i familien i eit historisk og globalt perspektiv
- gjere greie for forsking innan fagområdet med ulike metodiske tilnærmingar
Ferdigheter
Etter å ha avslutta emnet kan studenten:
- anvende teori og forskingslitteratur på området til å diskutere konkrete problemstillingar skriftleg
- sette seg inn i forskingslitteratur om aktuelle forskingstema på området
Generell kompetanse
- Etter å ha avslutta emnet kan studenten
- sette seg inn i forskingslitteratur, teori og perspektiv på et forskingsfelt
- anvende forsking, perspektiv og omgrep om familieinstitusjonen og familieliv til å drøfte aktuelle problemstillingar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SOS100A Examen facultatum - invitasjon til sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Examen facultatum - invitasjon til sosiologi
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
20-24 timar førelesingar
Seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
6 timars skuleeksamen
Oppdatert: Vurderingsform endra frå 6 timars skuleeksamen til 8 timars heimeeksamen våren 2021 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Institutt
Sosiologisk institutt
Kontakt
Kontaktinformasjon
Sosiologisk institutt; studieveileder@sos.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 10.05.2021, 09:00
- Innleveringsfrist
- 10.05.2021, 17:00
- Trekkfrist
- 26.04.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen