Velferd og ulikhet

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

SOS 113 er eit fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: velferd, ulikhet og livsløp. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve. 

Emnet vil gi ei innføring i nokre sentrale teoretiske tradisjonar og perspektiv på velferd og ulikskap. Klassiske bidrag vil bli brukt som utgangspunkt for diskusjon av verdigrunnlaget for velferdsstaten og den særeigne, norske modellen. Forholdet mellom velferdsstaten, familien og arbeidslivet vil være sentralt. Vidare vil emnet ta opp problemstillingar knytt til korleis klasse og kjønn og prosessar som globalisering og migrasjon gir nye utfordringar for dagens velferdsstatar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskapar

Etter avslutta emne kan studenten

  • gjere greie for klassiske og moderne teoritradisjonar innanfor velferdsforskinga.
  • gjere greie for korleis velferd, ulikhet og livsløp vert prega av forholdet mellom velferdsstaten, familien og arbeidslivet
  • gjere greie for problemstillingar og faglige debatter om rammer og grunnlag for velferdsstaten sin virkemåte, nasjonalt og internasjonalt
  • gjere greie for normative, sosiale og politiske føringar som ligg til grunn for "den norske velferdsmodellen"
  • gjere greie for og drøfte sentrale grunnlagsproblem som er knytt til forståing av sosial ulikskap, fattigdom og velferd, marginalisering og avhengigheit i studiar av korleis samfunnet fordeler gode og byrder

Ferdigheiter

 Etter avslutta emne kan studenten  

  • svare på velferdsrelaterte problemstillingar på ein analytisk og drøftande måte med grunnlag i vitskaplege tekster
  • bruke ulike tilnærmingar og omgrep for å forstå og diskutere aktuelle spørsmål knytt til forholdet mellom velferdsstaten, familien og arbeidslivet
  • skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte kjeldetilvisingar

Generell kompetanse

Etter avslutta emne har studenten  

  • forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapleg tenkjemåte
  • forståing for kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir debattert 
  • generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emne kan bli tilbydd både vår og haust, men tilbodet vil variere frå semester til semester
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SOS100A Innføring i sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Innføring i sosiologi
Studiepoengsreduksjon
SOS113-L (10 sp)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
20-24 timer førelesingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det inneværende og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

6 timar skuleeksamen. 

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.