Velferd og ulikhet
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeSOS113-L
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
SOS113-L er eit fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: velferd, ulikhet og livsløp. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.
Emnet vil gi ei innføring i nokre sentrale teoretiske tradisjonar og perspektiv på velferd og ulikskap. Klassiske bidrag vil bli brukt som utgangspunkt for ei diskusjon av verdigrunnlaget for velferdsstaten og den særeigne, norske modellen. Vidare vil emnet ta opp problemstillingar knytt til korleis prosessar som individualisering, globalisering og migrasjon gir nye utfordringar for dagens velferdsstatar.
Læringsutbyte
Etter å ha avslutta emnet skal studentane kunne
- Gjere greie for teoritradisjoner, problemstillinger og faglige debatter om rammer og grunnlag for velferdsstaten sin framvekst og virkemåte, nasjonalt.
- Gjere greie for korleis "den norske velferdsmodellen" er vaksen fram og kva slags føringar som har hatt relevans for utforminga av modellen.
- Gjere greie for og drøfte korleis prosesser som industrialisering, globalisering og internasjonal migrasjon endrar organisering av velferdsproduksjonen.
- Gjere greie for og drøfte sentrale grunnlagsproblem som er knytt til forståing av sosial ulikskap, fattigdom og velferd, marginalisering og avhengigheit.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SOS100A Examen facultatum - invitasjon til sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Examen facultatum - invitasjon til sosiologi
Studiepoengsreduksjon
SOS113 (10 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på lektorutdanning på UiB
Arbeids- og undervisningsformer
20-24 timer førelesingar
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
16-20 timer førelesingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Tre oppgåver, kvar oppgåve skal være på 1000 ord. Det vil bli gitt kommentarar på oppgåvene og dei må godkjennas for at studenten kan ta eksamen.
Oppgåvene leveras til slutt i ei mappe og utgjer mappevurderingsdelen av eksamen.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
- Mappevurdering av tre oppgåver
- Justerande munnleg eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.