Miljøsosiologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

SOS115 er et fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Miljø, migrasjon og utvikling. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valde emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Målet med dette emnet er å gje studentane brei kunnskap om samfunnsfaglege, og spesielt sosiologiske, perspektiv på korleis miljøproblem oppstår, vert oppfatta, utviklar seg, og eventuelt vert løyst, samt kva sosiale konsekvensar dei har. Studentane skal få fagleg grunnlag for å kunne delta i diskusjonar om miljøproblem, og til å bidra i diskusjon av løysingar på slike problem og dei sosiale følgjeproblema deira. Kurset gjev mellom anna ein oversikt over tradisjonelle samfunnsfaglege syn på høvet mellom samfunnet og det biofysiske miljøet, ei innføring i viktige trekk ved nyare miljøsosiologi, ein presentasjon av økologiske perspektiv på natur og samfunn, og ein diskusjon av realistiske og konstruktivistiske perspektiv på miljøet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Etter å ha avslutta emnet kan studenten:

  • gjere greie for ulike generelle samfunnsfaglege perspektiv på miljøproblema
  • gjere greie for ulike syn på usikkerhet, risiko, vitskap og kunnskap om miljø
  • gjere greie for sentrale teoriar om dei sosiale årsakene til og konsekvensane av miljøproblem og om høvet mellom sosiale og økologiske system
  • gjere greie for ulike typar miljøforvaltningsproblem og ulike typar miljøforvaltningsprinsipp

Generell kompetanse

Etter å ha avslutta emnet kan studenten:

  • finne fram til og presentere informasjon om miljøproblem og miljøforvaltning, og delta i diskusjonar om dette med fagleg grunngjevne argument

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emne kan bli tilbydd både vår og haust, men tilbodet vil variere frå semester til semester
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SOS100A Innføring i sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Innføring i sosiologi
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

20-24 førelesingstimar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Obligatorisk innlevering av oppgåve (2000 ord, +/- 10 %)

2. Innsamling og 5-10 minutts presentasjon av informasjon om eit oppgitt tema.

Arbeidskrava vil få kommentarar og må vere godkjend før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret og det påfølgande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

6 timars skriftleg skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.