Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i sosiologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Hovudmålsetjinga med bacheloroppgåva er at studentane skal foreta ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei sosiologisk problemstilling med utgangspunkt i anten sosiologisk litteratur eller eit empirisk datamateriale.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve, og ei sjølvvalt sosiologisk fordjuping som skal resultere i ei sjølvstendig skriftleg oppgåve. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema/ei problemstilling som anten vert drøfta ut frå eit eller fleire teoretiske perspektiv, tidlegare forsking eller empirisk analyse av kvantitative eller kvalitative data frå tidlegare forsking. Det empiriske datamaterialet kan ikkje hentast inn av studenten sjølv. Instituttet vil syte for at det føreligg ei liste med forslag til tema.

Læringsutbyte

Etter gjennomføring av emnet skal studenten kunne

  • Gjere greie for relevant faglitteratur om eit eige vald tema og vise innsikt i teoretiske og metodiske problemstillingar knytt til tema.
  • Utforme ei sosiologisk problemstilling og eit opplegg for undersøkingar og analyse av eit eige valt tema.
  • Gjere eit utval og analysere ulike typar empirisk og/eller teoretisk materiale, samt disponere og framstille sjølvstendig eit skriftleg sosiologisk arbeid.
  • Vise evne til munnleg formidling av eige arbeid, og praktiske dugleikar i bruk av kjelder og referansar og etiske normer knytt til heiderleg framferd i forskingsarbeid.
  • Gjennomføre ein sjølvstendig innsamling og analyse av relevant forskingslitteratur og empirisk materiale om eit avgrensa tema, og presentere denne analysen på ein kortfatta og oversikteleg måte.

Krav til forkunnskapar

MET102, SOS101, SOS103-L og eit av valemna SOS105-L eller SOS113-L

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

SOS202 (10 stp)

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på lektorutdanning på UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og rettleiing

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, seminar og rettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Innlevering av Temavalg med litteraturgjennomgang
  • Munnleg presentasjon av bacheloroppgåva

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

  • Innlevering av ei bacheloroppgåve (5500 - 6000 ord)

Ein student har i utgangspunktet ikkje høve til å levere inn same bacheloroppgåve i SOS202-L fleire gonger. Dersom ein student ønskjer å framstille seg til ny eksamen og basere oppgåva på same tema, må kandidaten:

  • stille og gje svar på nye problemstillingar, og/eller
  • trekkje inn nye kjelder/data, og/eller
  • gjere ei radikalt endra analysedrøfting av problemstillingane/empirien.

Studenten må søkje instituttet om å gå opp til ny eksamen i SOS202-L. I søknaden skal studenten gjere greie for dei endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva.

Instituttet ved emneansvarlege for SOS202-L, avgjer søknaden.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

-

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet. 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve

    Innleveringsfrist
    18.11.2021, 12:00
    Trekkfrist
    04.11.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen